Stadig fleire vel kunstgras i hagen

Den er grøn heile året og krev verken vatning eller klipp – stadig fleire nordmenn let seg lokke av kunstgras når dei investerer i plen.

Eddie Borlaug og Marita Sandal

SOMMAR I HAGEN: Eddie Borlaug og Marita Sandal planlegg å dyrke frukttre og prydbusker i hagen, plenen steller seg derimot sjølv.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Eg er kjempeglad i hagearbeid, så det sat eigentleg langt inne å kjøpe kunstgras. No kan eg i staden for å klippe plenen bruke tida mi på resten av hagen, fortel Marita Sandal, og peikar mot frukttrea i bakkant av einebustaden.

Familien på Leikanger i Sogn har gjort som stadig fleire nordmenn og bekledd delar av hagen i kunstig gras.

Men ikkje alle er like positive til trenden.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Auke i etterspurnad

Sidan i fjor har Terje Thorsnes ved Sognehus AS tjuedobla salet av kunstgras til private kundar. Frå beskjedne 20 kvadratmeter i fjor, til 400 så langt i år.

– Eg trur det er ei veksande trend på Vestlandet, særskilt no når folk vil bruke meir tid heime. Då koronapandemien råka landet, gjekk salet til vers, forklarar Thorsnes,

Med grasallergi i familien blei eigen hage første forsøk.

– No støvsugar me plenen kvar vår. Då brukar me ein liten time på å fjerne lauv frå hausten. Det er alt vedlikehaldet me utfører i løpet av året.

Terje Thorsnes

NY VESTLANDSTREND?: Dagleg leiar i Songehus AS i Sogndal, Terje Thorsnes, trur den auka etterspurnaden etter kunstgras berre vil halde fram.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Bør ikkje erstatte plenen med plast

Maja Aarønæs, politisk rådgjevar i Miljørogansiasjonen Sabima, oppmodar folk til å tenkje seg om før dei erstattar plenen med kunstig dekke.

– Det å legge plast i staden for plen er å gå i feil retning, med tanke på å ta vare på artsmangfaldet. Om kunstgraset erstattar heller eller platting, er det ikkje problematisk for naturen. Men det bør ikkje erstatte levande vegetasjon.

Ho vil at det biologiske mangfaldet skal få gode levekår og seier at terskelen for å bidra kan vere lågare enn du trur.

– Alle grøne flekkar kan bidra i positiv retning. Det skal ikkje meir til enn at ein plantar riktig plante i verandakassa, slik at humla finn maten den treng på våren og utover sommaren. For oss er det viktig at ein ikkje undervurderer kor positiv effekt dei små hagane i tettbygde strøk kan ha for livsmiljøet til insekta. Me håpar derfor verkeleg ikkje at utviklinga går i motsett retning.

– Hadde nesten eit fortent dårleg rykte

Øyvind Sletner, dagleg leiar i kunstgrasleverandøren Scanturf AS, trur «tidsklemma» er noko av årsaka til at etterspurnaden aukar over heile landet.

– I ein hektisk kvardag ønskjer stadig fleire å gjere det lettvint i hagen og ikkje bruke fritida til å klippe plen. Graset har dessutan blitt finare og meir naturtru med åra.

Øyvind Sletner

LEIANDE PÅ KUNSTGRAS: Øyvind Sletner i Scanturf AS seier miljøperspektivet veg tungt også i produksjonen av kunstgras.

Foto: SCANTOFT

– Men ordet kunstgras vekkjer ikkje utelukkande positive assosiasjonar, med fokuset på korleis gummikuler frå fotballbaner har blitt eit miljøproblem. Har du forståing for at folk er skeptiske?

– Dei tradisjonelle kunstgrassystema har hatt eit dårleg rykte, kanskje også veldig fortent. Utviklinga i bransjen har likevel vore stor dei siste åra. For vår del har me teke miljøbevisste val i alle system. Sand eller knuste olivenkjernar har erstatta bruken av gummigranulat. Me nyttar berre organiske og fult resirkulerbare system.