Stadig fleire vel alkolås i bilen

Alkolås blir stadig meir vanleg i norske bilar, men framleis finst det berre i nokre tusen køyrety.

Bjørn Egil Bortheim

MÅ BLÅSE: Sjåfør Bjørn Egil Bortheim får ikkje starta bilen før han har blåse i denne.

Foto: Anna Gytri / NRK

Men sjølv om det enno ikkje er heilt vanleg med alkolås, både forhandlarane og transportbransjen merkar at hjelpemiddelet er i ferd med å bli meir vanleg.

Transportverksemda Nærtenesta i Florø har installert alkolås i nesten alle bilane sine.

– Det er eit godt trafikktryggleikstiltak, seier driftsleiar Ronny Berg.

Alkolås skal gjere til at bilen ikkje startar dersom sjåføren er påverka av alkohol.

Ein av dei som nyttar ein slik for å få starte bilen, er sjåfør Bjørn Egil Bortheim som jobbar køyrer for nærtenesta.

– Eg berre trykker på denne knappen. No står det først vent i displayet, så då må eg vente til den er klar. Så piper det og det står "Munnstykke på – ta prøve" i displayet, då kan eg begynne å blåse, forklarar han.

Eitt trykk på alkolåsen og eit djupt andedrag. Slik er det Bjørn Egil Bortheim startar dagen på jobb for transportfirmaet Nærtenesta i Florø.

– OK står det i displayet no, så då kan eg starte opp bilen, seier han.

2000–3000 alkolåsar i dag

Ikkje før han har bevist at han er edru får han start på bilen. Slik er det i 12 av dei 17 bilane i firmaet, og dei tilsette har aldri klaga, fortel Bortheim.

– Eg meiner det betyr tryggleik både for oss sjølv og for andre. Så eg synst berre det er positivt.

Det finst ingen eksakte tal på kor mange alkolåsar det finst i norske bilar i dag. Forbundssekretær Geir Kvam i Norsk Transportarbeiderforbund trur talet ligg på nokre tusen.

– Per i dag, ut frå det eg veit, så er det mellom 2000 og 3000 alkolåsar i bruk i norske køyrety. Og talet er aukande, seier Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Egil Bortheim

I DEI FLESTE BILANE: Nærtenesta i Florø har alkolås i 12 av 17 bilar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Merkar auka sal

Og det blir no meir og meir vanleg med alkolås i norske bilar. Ola Nordmann har det i privatbilen sin, men det er kanskje i hovudsak transportfirma og busselskap som tek i bruk det som vert rekna som eit viktig bidrag til trafikktryggleiken.

NRK har snakka med fleire av forhandlarane av alkolås i Norge, og alle fortel at salspila går oppover. Det går litt sakte men sikkert, men det blir meir populært, det fortel Knut Braaen i KGK Norge.

– Utviklinga med alkolås i Norge er stadig aukande. Vi får stadig fleire førespurnader, og folk lurer på både korleis dette fungerer og kva respons vi har fått, seier Braaen som seier det både har privatpersonar som kundar, men også store transportfirma.

Ingen krav til alkolås

Men sjølv om salet aukar, så vedgår Braaen at det går langt mellom bilane som har alkolås.

– Ein av årsakene til at det ikkje blir selt meir, er at det i dag ikkje finst noko lovverk som stiller krav om alkolås, seier Braaen.

Per dags dato finst det nemleg ingen krav til alkolås i Norge. Men dersom EU får det som det vil kan det bli eit påbod om nokre år, seier Kvam i Transportarbeiderforbundet

–Dette direktivet vil innføre eit påbod om at alle kommersielle køyrety skal ha alkolås frå ein gitt dato eit gitt år. Så om nokre år vil bussar, taxiar og lastebilar har dette som ein del av utstyret. Det betyr at sjåførane må utføre ei blåseprøve for å få starta køyretyet, forklarar Kvam.

Eit påbod er altså nokre år fram i tid. Kvam håpar mange likevel investerer i alkolås før den dit og seier dei vel 15 000 kronene per køyrety er ei billig forsikring.

– Vi har ikkje noko grunnlag for å hevde at vi har eit stort problem med ruskøyring, tvert om. Norske sjåførar har ei god haldning til dette. Men som eg pleier å seie, ein promillekøyrer er ein for masse, seier Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alkolås i bil

BLIR MEIR VANLEG: Alkolås blir installert i stadig fleire bilar.

Foto: KGK Norge

– Ikkje stigmatiserande

I Nærtenesta i Florø har driftsleiar Ronny Berg aldri angra på avgjerda om å installere alkolås.

– Dette var eit tiltak som dei tilsette ønskte. Vi har jo sjølvsagt tenkt over om dette kan verke stigmatiserande eller om folk kan bli uglesette. Kanskje kan folk tru at vi har sjåførar som drikk, men det stemmer ikkje. Dette er eit godt trafikktryggleikstiltak, seier Berg til NRK.no.

Når bilen har stått i ro i ein halvtime kjem det opp eit blinkande lys. Sjåfør Bjørn Egil Bortheim fortel at om han prøver skru på tenninga, så er det ikkje liv i bilen.

– Eg må først blåse i alkolåsen, seier Bortheim.

Litt flautt

For Bjørn Egil Bortheim har det vesle svarte apparatet blitt ein del av kvardagen. Sjølv om det var uvant i starten har han no blitt vant med det.

– Eg kan vedgå at det har vore litt flaut. Når folk ser meg sitje her å blåse for harde livet. Men det er ikkje sikkert at folk tenkjer noko stygt, dei tenkjer kanskje at det er mykje positivt med det.

– Ja, for dei ser jo at du får køyre etterpå?

– Ja, det er jo nettopp det dei gjer, seier han.