Hopp til innhold

Fleire og fleire nettaviser tek betalt – delte meiningar blant folket

Etter ein månad med betaling for nettavisa, opplever Fjordabladet at lesaren ønskjer å betale for det som tidlegare var gratis.

Avisene i Sogn og Fjordane
Foto: Rune Fossum / NRK

– Nokon meiner det kan vere vel farleg å ta betalt for alt, og at folk ikkje er villege til det. Vi har ei litt anna erfaring, seier redaktør i Fjordabladet, Tormod Flatebø.

Fallande opplagstal og reduserte inntekter gjer at fleire aviser i Sogn og Fjordane har innført eller vurderer å innføre betaling for nettavisa. Fjordabladet var først ute i fylket med å ta betalt for å lese artiklar på nettavisa for ein månad sidan.

I dag ser redaktør Flatebø at mange ønskjer å bruke nettavisa. 1000 har registrert seg, men ikkje alle har betalt endå.

– Interessa er ganske stor. Vi hadde ikkje venta at det skulle kome hundrevis av abonnentar dei første dagane. Vi er ganske godt nøgde med situasjonen slik han er no, seier Flatebø.

Delte meiningar blant lesarane

I dag har Fjordabladet fått betalingsløysing. Firda og Firdaposten har også innført betaling på enkelte artiklar. Fleire av redaktørane NRK har snakket med seier at dei ønskjer å ta betalt.

Blant innbyggjarane er meiningane delte når det gjeld betaling for det som ein gong var gratis.

– Eg betalar jo allereie Firdaposten sitt abonnement, og då får eg nettavisa samstundes. Det er jo vinn-vinn. Vi må finne oss i betaling, for det er ein del arbeid med å lage ei avis, seier Rune Holme.

– Kunne du tenkt deg å betale for ei nettavis?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg trur ikkje folk som ikkje pleier å lese så ofte vil betale for det, seier Annika Landøy Ytrøy.

– Ja, du får lettare tak i avisa på mobil og data enn ved å gå til butikken og kjøpe ei avis, seier Jonatan Farstad.

– Nei, eigentleg ikkje. Eg nyttar papiravisa og har god tid. Eg er pensjonist og kosar meg med den, seier Aud Møvik.

– Det blir det same som å abonnere på vanlege aviser, berre at du får mykje lettare tak i dei og kan lese dei kvar som helst, seier Ronja Helle.

Vil vente

Tormod Flatebø viser fram den nye nettsida til Fjordabladet
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På den nye nettavisa til Fjordabladet vert det lagt ut mykje fleire nyhende med meir innhald enn tidlegare. Årsaka til at dei no tek betalt for nettavisa, er at opplagstala fell for dei fleste avisene i Norge, og dermed mister dei annonseinntektene.

– Det er faktisk nødvendig. Opplagstala for papir går ned for dei fleste, og det må kompenserast på ein eller annan måte. Over halvparten av nedgangen i opplaget vårt har kome dei to siste åra. Det er no endringa i medievanane skyt fart, og då er det om å gjere å vere med, seier Tormod Flatebø.

Men Bjørn Grov, redaktør i Firda Tidend, er skeptisk til å ta betalt for innhald på nettet. Han vil vente til andre har prøvd det ut, for han trur folk er blitt vande til at nettaviser skal vere gratis.

– Eg er tvilande til kor stor betalingsviljen eigentleg er. No har folk vorte bortskjemde i mange år med å få ting gratis på nett. Det er ikkje sjølvsagt at overgangen til betaling er så enkel. Men stadig fleire kjem over, så det blir veldig spanande å følgje med. No ligg vi og vaker litt og ventar og ser på kva som skjer.

– Må gjere endringane no

Rune Hetland

NØDVENDIG MED BETALING: Meiner Rune Hetland.

Foto: Landslaget for lokalaviser

Men for Rune Hetland, Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, er det ikkje nokon tvil. Skal avisene i Norge overleve, er det ikkje mogleg å berre leve på annonseinntekter og papirabonnement lenger.

– Betaling på nett er heilt nødvendig. Dei klarar ikkje å finansiere journalistikken av annonseinntekter. Aller minst no, når det er problem å halde oppe inntektene frå annonsering.

–Då er det desto viktigare å ta betalt for innhaldet, anten det er papir eller nett, seier Hetland.

Mange vil følgje Fjordabladet

Fjordabladet var først ute. Firda og Firdaposten følgde på, og har allereie innført betaling på bestemte artiklar. Redaktør i Firda, Yngve Årdal, seier det er for tidleg å seie kor mange som har lese betalingsartiklane.

Fjordenes Tidende har tenkt på betaling for nettjournalistikk, men har ikkje bestemt seg for korleis, og vil vente på betre betalingsløysingar.

Sogn Avis ønskjer også å innføre betaling så snart dei får det til, men er usikre på kva betalingsløysing dei skal velje.