Stadig fleire i turlag

Fjellturar er populært som aldri før, og folk strøymer til turlaga.

Fjelltur i Stølsheimen

Frå ein fellestur i Stølsheimen i august i år.

Foto: Bjørn Bergum / NRK

Sogn og Fjordane Turlag har fått 291 nye medlemmer siste året.

Det er ein auke på vel sju prosent frå 2007. I alt er det no 4333 medlemmer.

I heile landet er 222.291 medlemmer i Den Norske Turistforening, ein auke på 7677. Medlemstalet i DNT er dobla på 20 år.