Stadig færre laks vender tilbake til barndomselva

På tretti år er innsiget av laks til norske lakseelvar blitt halvert. Og elvene på Vestlandet er spesielt hardt råka.

Knut Munthe Olsen

UROA: Knut Munthe Olsen er uroa for villaksen, og meiner det må stillast strengare krav.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Grunneigar Knut Munthe Olsen går langs ei av dei mest myteomspunne lakseelvene i landet, Årøyelva i Sogndal. Elva ender ut i Barsnesfjorden, som er ein del av Sognefjorden.

– Her har det vore mange spennande episodar i sommar, seier Munthe Olsen.

For å sikra den særeigne laksestammen, klekkjer eigarane sjølve fram smolt, men på veg ut i havet blir den unge laksen angripen av lakselus frå oppdrettsanlegg lenger ute i Sognefjorden.

Hektar seg på smolten

– Lakselusa hektar seg på utvandrande smolt, og øydelegg skinn og slimkvaliteten på fisken, og fisken punkterer, druknar og døyr, seier Munthe Olsen.

Dermed vert det ein brå slutt på det som eigentleg skulle vere ei lang reise til Grønland for å beite, og for så å vende heim.

– Det er mange laks som døyr uansett, men lakselusa frå oppdrettsnæringa og tettleiken av lakselus i fjordane, er tragisk for utvandrande fisk, seier Munthe Olsen.

Men at stor fisk, som kjem tilbake i fiskesesongen, har mykje lus på seg, er mest til irritasjon for laksen.

– På det verste kan vi telje hundrevis, men fisken daudar ikkje av det. Men på hausten, når fisken har stått lenge i elva, så ser vi at det er store soppangrep på fiskeskinnet der lusa tradisjonelt har festa seg. Så seinare i sesongen vil ein laks kunne risikere at han ikkje overlever å stå i elva ein heil vinter, seier Munthe Olsen.

Tilbake på normal, middels sesong

Dei siste tretti åra er innsiget av laks til elvane på Vestlandet meir enn halvert. I 2011 og 2012 auka talet noko, men førebels statistikk for årets sesong viser at pilene igjen peikar nedover.

– Vi har ein generell uheldig utvikling sidan 1980-talet. Vestlandselvane kjem spesielt uheldig ut, sett i norsk samanheng, seier forskar Bjørn Barlaup i Vitskapleg råd for lakseforvaltning.

Dei to siste åra har trenden snudd noko, og det har vore registrert klart meir laks i elvane.

– Men dei førebelse tala for 2013 syner at vi er tilbake på ein normal, middels sesong, seier Barlaup.

Han fortel at kraftutbygging og oppdrett er dei to største truslane for villaksen.

– Det er nok uvisse knytt til effektar av auka oppdrett, altså lakselus og rømd oppdrettslaks. Og så har vi også truslar knytte til ferskvassdelen, mellom anna effektar av vassdragsregulering, seier Barlaup.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Barlaup

UHELDIG UTVIKLING: Forskar Bjørn Barlaup i Vitskapleg råd for lakseforvaltning fortel at utviklinga har vore uheldig sidan 1980-talet.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Trugar genetikken til villaksen

Av all laks som blir fanga i norske elvar, er meir enn kvar tiande oppdrettsfisk. Prosenttalet burde ha vore under fem, seier Barlaup.

– I veldig mange elvar er det for mykje rømd oppdrettslaks. Det trugar genetikken til den ville laksen, seier Barlaup.

I Norge har ein ein stemmebasert forvaltning.

– Det betyr at ein skal ta vare på kvar einskild stamme med sine særtrekk, sidan kvar stamme er tilpassa elvemiljøet i akkurat si elv, seier Barlaup.

Men viss oppdrettslaksen kjem opp i elva og gyter i lag med villaksen, så viskar han ut skilnaden mellom laksestammane.

Difor må regjeringa stilla strengare krav til oppdrettarane, meiner Knut Munthe Olsen.

– Ein kan ikkje berre pøse på, sleppe drit og medisinar ut i fjordbassenget, og la lakselusa hekte seg på utvandrande villaks-born, seier Munthe Olsen.

Rører ved mange partar

Fleire politiske parti, mellom anna Høgre, Ap og Frp, kjempar for vekst i havbruksnæringa, både med tanke på liberalisering når det gjeld konsesjonar til havbruksanlegg, og ekspansjon i den store eksportnæringa som havbruk er ein del av.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg forstår at folk vil vekse når ein ser nye marknadar. Men dei må sjå at det er fleire næringar her. Det rører ved mange partar, mange grunneigarar og mange sportsfiskarar, seier Munthe Olsen.

Styremedlem i Vestnorsk havbrukslag, Elin Tveit Sveen, seier at oppdrettarane har gjort mykje for å få ned rømming og talet på lus. Eigne kartleggingar som næringa sjølv har finansiert, viser at talet på rømt fisk på landsbasis i fjor var nede i 2,5 prosent, seier Sveen.

– Oppdrettsnæringa har måtte halde seg til stadig strengare krav og pålegg frå myndigheitene. Tiltak som vi har sett i verk er jo at vi har skifta ut oppdrettsutstyr for fleire milliardar, seier Sveen.

Meiner makrellen også gjer skade

Det er mellom anna investert i nytt, rømmingssikkert utstyr.

– Det er også sett i verk mykje strengare kontroll og rutinar for å hindre at fisk rømmer, seier Sveen.

Det er også investert utstyr for å få mindre lus på oppdrettslaksen.

– Vi kan vise til at vi har oppnådd veldig mykje, det har vi dokumenterte tal på, seier Sveen.

Ho peikar på at det ikkje berre er oppdrettsnæringa som utgjer ein fare for villaksen.

– Det som er viktig er å sjå på alle dei faktorane som påverkar villaksen. Oppdrettsnæringa er ekstremt oppteken av at vi skal bevare villaksen. Men vi må ha eit heilskapsbilete her, seier Sveen.

Ho peikar på at ein no trur at store makrellbestandar ute i havet også påverkar villaksen.

– Dei beitar på same maten som villaksen skal ha. Det er ein av dei nye faktorane som er viktig å sjå på, seier Sveen.