Hopp til innhold

Færre unge får sommarjobb: Eldre kundar er skeptiske til unge vikarar

NORDFJORDEID (NRK) Framover vil heller ikkje varehandelen satse på unge sommarvikarar, kundane unngår sommarhjelpa og vil ha erfarne seljarar.

Jonas Trosdahl

PÅ JOBB: Jonas Trosdahl hjelper Helge Naustdal med å finne den rette sykkelhjelmen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg merkar ofte at folk har litt fordommar, at dei tenker eg ikkje kan noko og at dei må snakke med ein vaksen, seier Jonas Heggen Trosdahl.

16-åringen er stolt av å ha snart to års arbeidserfaring i sportsbutikken Chatlet på Nordfjordeid, både på deltid i vinterhalvåret og som sommarjobb.

Ein del av kvardagen for ungdomar i butikk er at nokre møter dei med skepsis.

– Eg skal ikkje seie kva eg meiner om det, men av og til synest eg sjølvsagt det er litt dumt, seier han.

– Butikkane vil ta inn færre ungdomar enn før

Nye tal frå Virke viser at berre 4 av 10 norske bedrifter tek inn sommarvikarar. Talet har stupt sidan tusenårsskiftet, og utviklinga er venta å halde fram. Det nye er at også varehandelen vil tilsette færre.

Administrerande direktør i Virke, Vibeke Hammar Madsen, seier konkurransen med nettet er årsaka. Når folk handlar i butikken krev dei meir enn tidlegare.

– Det er nok slik at butikkane tek inn færre ungdomar enn før. Med ny teknologi og digitalisering så kjem vi til å sjå at varehandelen kjem til å stterspørre meir kompetanse, kunnskap og innsikt.

Vibeke Hammer Madsen

BEKLAGAR: Vibeke Hammer Madsen i Virke

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Madsen understrekar at varahandelen framleis toppar bruken av unge sommarvikarar, og at det viktigaste uansett er gode haldningar, og det å møte ein kunde på ein god måte.

– Dessverre er talet fallande, færre tek inn unge, og færre søker på plassane. Dette er ein nedadgåande trend i heile sommarjobbmarknaden, som vi beklagar.

Stolt over butikkjobben

Jonas Heggen Trosdahl meiner han er heldig som har jobb om sommaren.

– Det er dumt at fleire unge slit med å få seg jobb. Då blir det færre moglegheiter til å få seg erfaring og ha noko å gjere på om sommaren.

16-åringen meiner det er kjekt når han kan motbevise fordommar:

– Når ein fyrst klarar å motbevise det dei tenker er det veldig artig. Som når nokon forventar at ein ikkje kan noko om ski, og så klarar ein å selje ein randoneepakke slik at dei blir veldig nøgde, det er kjekt, smiler Trosdahl.

Handel i sportsbutikk

SAL: Helge Naustdal er pensjonist og får service på elsykkelen, han er godt nøgd med hjelpa: – Du merkar jo om dei har kjennskap til det dei driv med, seier Naustdal.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Merkar om dei kan jobben

Gudmund Wie i Chatlet Sport

INNEHAVAR: Gudmund Wie i Chatlet Sport

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Innehavar av sportsbutikken på Nordfjordeid, Gudmund Wie, har fem unge ekstrahjelper i butikken.

– Det har nesten utan unntak fungert perfekt, det er opp til oss å gjere dei så flinke som mogleg.