Hopp til innhold

Sprinkelanlegg hindra brannen i Sogndal å spreie seg

I overkant av ein meter skil dei to husa. Det eine brann til grunnen, det andre klarte seg. Eit sprinkelanlegg kan ha vore avgjerande.

BRANN: Få trehus har sprinkelanlegg med vatn som går av dersom det byrjar å brenne.

Husa i Sogndalsfjøra ligg tett. Brannmannskapet frykta ein ny katastrofe som brannen i Lærdal då to hus vart totalskadd natt til søndag.

Ein av dei næraste naboane var sikker på at huset hans skulle gå med i brannen. Men brannen spreidde seg ikkje, kanskje takka vere eit sprinkelanlegg.

– Det var i alle fall viktig i starten. Det gav oss tid fram til brannvesenet kom, seier huseigar Terje Tandle.

brann i fjøra

TO HUS: Ein familie og fem studentar mista heimane sine i brannen i Sogndal natt til 2. juli. Til høgre i bildet er huset til Terje Tandle, som unngjekk brannen takka vere sprinkelanlegg og iherdig innsats frå brannmannskapet.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Få som har sprinkelanlegg

Huset til Tandle fekk eit påbygg for nokre år sidan. Då fekk dei pålegg om å bygge sprinkelanlegg både innvendig og utvendig.

Dei små viftene spreier vatnet nokre meter ut i radius, og sørger for å kjøle ned veggane så ikkje varmen får tak.

– Vassviftene dekka heile det nye partiet av huset. I utgangspunktet er det strålingsvarmen frå brannen i nabohusa som kan gi så høg varme at veggen sjølvantenner. Denne vassveggen kjøler ned det som kjem av strålevarme og gneistar, seier brannmann Eirik Røysi.

Det var eit utfordrande sløkkingsarbeid i det gamle trehusmiljøet. Det går ikkje bilveg ned til husa, og avstanden mellom naboane er liten.

– Sprinkelanlegget var i alle fall med å sikre at den nye delen av bygget ikkje vart utsett for spreiingsfare, seier Røysi.

tett mellom husa i fjøra

NABOAR: Huset til høgre slapp uskada frå brannen i Fjøra.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ser fordelen med anlegg

Fylkesleiar i SV, Vibeke Johnsen, og familien mista heimen sitt i brannen. Huset er frå 1917, slik som mange av bygga i det gamle trehusmiljøet i Fjøra.

Det er ikkje vanleg at desse gamle husa har sprinkelanlegg, fortel brannmann Eirik Røysi.

– Eg trur ikkje det er særleg utbreidd. Det er ikkje mange hus i Fjøra som har det. Det er kostbart å etablere det, og om du ikkje får pålegg frå myndigheiter om å ha det, let dei fleste vere, seier Røysi.

Det same trur huseigar Terje Tandle.

– Eg tvilar på at vi hadde sett det inn om vi ikkje hadde fått pålegg om det. Det er klart at det er noko ein bør få støtte til. Det eine er at vi bergar huset vårt, men vi bergar andre sine hus også. Det er eit ufatteleg at ingenting hos oss er skada, når vi ser at det er to meter frå der flammane stod rett opp, seier Tandle.