Ein maraton er 42.195 meter, og gangar ein det med 500 så kjem ein fram til talet 21.097.500 meter beinhard springing.
For 62-åringen frå Hornindal har målet om å nå eit halvt tusen maraton på heimebane vore klart lenge.
– Det har vore eit mål å kome fram til 500 denne helga som kjem. Eg har annonsert at det skjer no, og ein lyt halde det ein lovar, fortel Haugen til NRK.
GLAD GUT: Inge Asbjørn Haugen gler seg til å kunne fullføre sitt maraton nummer 500.
Foto: Silje Guddal / NRKFørste gongen han sprang heile maratondistansen var 7. oktober 1984. Drammen maraton blei hans første, og nummer 499 skjedde på Jessheim for få dagar sidan.
– Den første gongen sprang eg på tre timar og 26 minutt, sist på Jessheim sprang eg på 4,16. Så ein spring nok saktare med åra, innrømmer maratonmannen.
– Kva tenkjer du om at du no skal springe maraton nummer 500 på heimebane no då?
– Eg er frisk og skadefri, så eg gler meg. Dei har til og med truga med å lage til ein middag for meg på hotellet etter løpet, så litt feiring blir det nok.
PS! Inge Asbjørn Haugen er singel, og legg ikkje skjul på at det har blitt lite tid til å springe etter damer, når det helst er maraton han vil fullføre.
- Les også: