Hopp til innhold

Smekkfullt på dyrepensjonata

Fleire og fleire vel å plassere kjæledyra sine på pensjonat når dei reiser på ferie. No er pågangen så stor at eigarane av dyrepensjonata må avvise kjæledyr.

Hundar som nyt opphaldet sitt på Hundagården Askøy

FULLT: Dyrepensjonat over heile landet opplever at kapasiteten ikkje strekk til om sommaren.

Foto: Merete Mowinckel Hvide

Mange treng pass til kjæledyra sine når det er ferie. For fleire vert løysinga å sjekke dei firbeinte familiemedlemmene sine inn på dyrepensjonat.

Stort behov

Ove Myrmel var den første som starta dyrepensjonat i Sogn og Fjordane, og han seier at behovet har aldri vore større.

Ove Myrmel driv dyrepensjonat i Gaular kommune

ALLTID OPE: – Eg har aldri hatt ferie, pleier eg å seie. Ove Myrmel har drive dyrepensjonat i 30 år. Der er det ope heile året.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Talet på dyr som treng plass på dyrepensjonat er definitivt større i dag enn kva det var då eg starta opp for 30 år sidan, seier han.

Det til trass for at det har kome fleire aktørar på bana dei siste åra. Myrmel fortel at fleire dyr ikkje frå plass om sommaren.

– Sommaren er høgsesong. Det er spesielt stor pågang i juli, og vi opplever at vi ikkje ha nok kapasitet til alle denne månaden.

Ove Myrmel passar blant anna ei papegøye denne sommaren

GJEST: Hos Myrmel Dyrepensjonat bur det alt frå hund og katt, til mus, kanin og papegøyar.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Myrmel tek imot både hundar, kattar og andre smådyr. Han har til saman plass til 25 hundar på dyrepensjonatet som ligg i Gaular kommune.

I Sogn og Fjordane finst det fem aktørar. NRK har vore i kontakt med tre av desse, og alle seier at dei ikkje har nok kapasitet til å ta imot alle som treng plass til dyra sine.

– Må seie nei

Det finst dyre- og hundepensjonat over heile landet. På dyrepensjonater.no finn ein oversikt over fleire av desse. Sjølv om det er fleire aktørar nær større byar, er det likevel ikkje nok.

– Om sommaren er det stor pågang. Eg får telefonar kvar einaste dag frå folk som har panikk. Dei skal reise på ferie og har ikkje pass til hunden, seier Merete Mowinckel Hvide.

Ho driv Hundegården Askøy i Hordaland. For to år sidan realiserte ho draumen sin og starta opp det ho kallar for eit hundehotell. Allereie første sommaren fekk dei mange førespurnader.

– Vi kunne nok tek imot det dobbelte enn det vi hadde plass til, seier ho.

Merete Mowinckel Hvide driv Hundagården Askøy

DRAUM: Merete Mowinckel Hvide realiserte draumen sin og starta opp Hundegåden Askøy for to år sidan.

Foto: Privat

På hundehotellet har dei plass til opp mot 30 hundar. Ho er glad folk nyttar seg av tilbodet, men tykkjer det er trist at mange ikkje får plass.

– Det er veldig leit å måtte seie nei.

– Burde det ha vore fleire dyrepensjonat?

– Om sommaren kunne det godt vore fleire aktørar, men eg trur behovet er dekka resten av året. Det er nok ikkje så enkelt å starte opp berre for sommaren heller, seier Hvide.

– Fryktar dumping

Christel Flagestad driv Engene Gård og Dyrepensjonat i Vestby kommune. Ho òg fortel at kapasiteten ikkje strekk til om sommaren.

– Vi får mange desperate telefonar frå folk som eigentleg hadde pass til dyra, men passarane melde avbod i siste liten.

I 2018 vart det nok eit rekordår for heimlause kjæledyr. Flagestad fryktar at kjæledyr vert etterletne til seg sjølve når eigarane ikkje finn pass til dei.

– Mange har familiar og har allereie betalt for ferien. Då er det vanskeleg å bli heime. Utan andre alternativ kan dyra verte overletne til seg sjølve, seier ho.

Flagestad fortel at det er viktig at folk er ute i god tid med å ordne pass til dyra. Sjølv om ein har ordna med privat pass, så kan det vere lurt å avtale med dyrepensjonat i tillegg.

– Kostar å eige kjæledyr

Ove Myrmel opplever at folk flest er flinke til å tenkje på dyra sine, og at dei finn gode ordningar når det ferie.

Ove Myrmel kastar ball med to av hundane på pensjonatet

LEIK: Ove Myrmel kastar ball med to av gjestene som han har i sommar. Han har plass til 25 hundar, og seier det er fullt heile sommaren.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Nokre vil gjerne hevde at dette er eit kostbart alternativ. Men det er ikkje kostnadsfritt å ha dyr.

Det kostar 250 kroner å ha ein hund eit døgn hos Myrmel. Han fortel at dette skal dekke det hunden treng, samtidig som det skal vere med å dekke lønningar til dei som er inne og hjelper til.

– Dette er ikkje noko som ordnar seg sjølv. Her er fleire hjelparar inne som er med å bidra og som skal ha sitt for å vere med på dette, seier han.

På Hundegården Askøy fortel Merete Mowinckel Hvide at døgnprisen for hund er 350 kroner. Prisen inkluderer mat, vask og stell, tur og leik. Sjølv har ho femten sommarvikarar som hjelper til.

– Det kan vere det går ut over feriebudsjettet å plassere dyr på pensjonat, men det er noko folk må rekne med. Det kostar å eige kjæledyr, seier ho.