Hopp til innhold

Sprengt kapasitet etter dumping av pandemi-kjæledyr: – Det brest i hjartet

Dyrebeskyttelsen opplever ei bølgje av forsømde kjæledyr. Avdelinga i Sogn og Fjordane må stoppa inntak av dyr på grunn av enorm pågang.

Katt frå Dyrebeskyttelsen

EIN AV MANGE: Denne katten er blant dei 180 dyra som Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane har inne no. Talet er om lag dobbelt så høgt som normalt.

Foto: Privat

– Stort inntak den siste tida gjer at vi er nøydde til å setje på bremsen, og vi kan dessverre ikkje ta inn fleire dyr no, seier Beate Green, leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Trenden er den same fleire stader i landet. Mange vil bli kvitt korona-kjæledyr, og det kjem i tillegg til alle dyra som treng hjelp av andre grunnar.

– Fleire av våre lokalavdelingar rapporterer om sprengt kapasitet, seier leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset.

I Sogn og Fjordane må dei seie nei til hundrevis av kattar som sårt treng hjelp, seier Green.

– Dette er noko av det tyngste eg har gjort. Det brest i hjartet.

Beate Green

KAN IKKJE TA IMOT FLEIRE: Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane må seie nei til hundrevis av kattar som treng hjelp, fortel Beate Green.

Foto: Beate Green

– Fleire angrar på valet

I fjor merka dyrebutikkar auke i omsetnaden. Dyrebeskyttelsen var uroa for kva som ville skje med ein del dyr etter pandemien.

Veterinær og eigar av Karmsund dyrehospital, Bernt Lande, meiner han no merkar at fleire angrar på valet om å skaffe seg katt. Lande har vorte spurt om å avlive friske dyr, noko han ikkje vil gjere.

– Vi har opplevd ein auke i pandemien. I sommar har vi fått førespurnader fleire gonger i veka, fortalde dyrlegen til NRK tidlegare i haust.

Også dumping av kaninar er eit problem, fortel Roaldset i Dyrebeskyttelsen Norge.

– Vi veit at ein del dyrebutikkar var tomme for kaninar våren 2020. Vi ser no konturane av ein boom av dumpa kaninar, seier ho.

To kaniner

KORONABØLGJE: Dyrebeskyttelsen ser ein tendens til at folk vil kvitte seg med både kaninar og kattar. Foto frå tidlegare høve.

Foto: Dyrebeskyttelsen Norge Oslo og Akershus

Bølgje av korona-kattar

Green seier det er fleire ting som gjer situasjonen prekær.

– No kjem bølgja av kattane som folk skaffa seg under pandemien. I tillegg er det fleire kattekoloniar rundt omkring, seier ho.

Green seier det går det mot rekord i kor mange dyr dei har teke imot. Eit enkelttilfelle med ein kattekoloni med mange sjuke kattar har også teke mykje av kapasiteten i den lokale dyrevernforeininga.

Når det gjeld dumping av kattar, meiner organisasjonen det er to tiltak som må til for å sette ein stoggar praksisen.

– Vi har ein draum om at det blir påbode med ID-merking og kastrering, seier Green.

Også dyrlegar har tidlegare teke til orde for eit slikt påbod. Det same har Foreningen for omplassering av dyr (FOD) gjort.

Kattunge som Redd Dyra har hentet fra en koloni. Flere skaffer seg kattunger for å ha med på ferie, men som blir igjen på hytta når ferien er over.

VIL HA ID-MERKING: Dyrebeskyttelsen har som mål at det blir påbode med ID-merking og kastrering av kattar.

Foto: LARS TORE ENDRESEN / NRK