Hopp til innhold

Bergensbana går som normalt trass sprengingar

I forbindelse med sprenging i fjellet ved Stanghelletunnelen, må jernbana i periodar stengjast laurdag og søndag. – Det får ikkje konsekvensar for togtrafikken, seier Jernbaneverket.

Oversikt av rasstaden ved Stanghelletunnelen.

HINDRAR IKKJE TOGTRAFIKKEN: Vegvesenet skal reinska og sprenga i fjellet over rasstaden på E16. Det er likevel ikkje til hinder for togtrafikken.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

I forbindelse med at Skarverennet vert arrangert på Finse i helga, er det venta stor trafikk på både jernbane og veg.

NSB melder om fulle tog fredag, men har sett opp ekstra tog på laurdag og sundag.

Samstundes er E16 stengt til over helga. Statens vegvesen jobbar iherdig med å sikra fjellsida etter eit stort ras onsdag kveld.

Arbeidet betyr at dei i periodar må stengje jernbana ved Stanghelle på grunn av reinsking i fjell og sprenging av lause blokker.

Bergensbana vert ikkje berørt

Men Jernbaneverket forsikrar at dette ikkje går utover togtrafikken mellom Bergen og Voss.

– Vi har studert rutetidene for persontoga og vi har gitt informasjon til Vegvesenet om når dei kan gjennomføre sprenging og ikkje, seier Karl Morten Undal i Jernbaneverket.

– Så togtrafikken vert ikkje berørt av dette arbeidet, konstaterer han.

Vegvesenet seier det er ei krevjande arbeid som må gjerast.

– Vi har tid innimellom ordinære togavgangar, og kan få sprengt i dei tidene. Så vi håpar å få gjort dette arbeidet utan at det vert stengt i lange periodar på jernbana, forklarar byggjeleiar Kåre Olav Aldal.

– Viss risiko

Han seier det er ei viss risiko forbunde med sprengingane.

– Det er ein viss fare for at stein kan treffa installasjonane ved jernbana. Det må ein ta høgde for, seier Aldal.

– Korleis ser de på sjansane for at E16 kan opna att på måndag?

– Me får ta ny vurdering morgonen måndag. Det kan i verste fall verta stengt lenger.

Slik ser rasområdet på E16 ut fra luften

SJÅ RASSTADEN FRÅ LUFTA