Hopp til innhold

Sprang Skåla og Førde Opp med brot i beinet

Eli Anne Dvergsdal frå Jølster var beste lokale utøvar under Skåla Opp, og førre helg sprang ho opp Hafstadkleiva i Førde Opp. Begge deler gjorde ho med brot i beinet. Utan å vite om det.

Eli Anne Dvergsdal, vinnar Stoltzekleiven opp 2015

VONDT: Eli Anne Dvergsdal har hatt vondt i foten lenge, men ho visste ikkje at det var eit brot

Foto: Jan Kocbach

Det var heilt forferdeleg, det var veldig vondt. Legen sa likevel at det berre var ei senebetennelse, så eg tenkte eg berre måtte halde ut smerta, seier Dvergsdal.

Det var likevel ikkje noko senebetennelse ho kjente på opp dei tunge motbakkeløpa. For eit par dagar sidan tok ho ei MR-undersøking, og den synte eit klart brot. No ryk VM for langdistanseløparen.

beinbrot

OVERASKING: legen meinte at det ikkje var vits å ta ei MR-undersøking. Overraskinga var difor stor når Dvergsdal såg resultatet

Foto: privat

– Det er jo veldig kjipt, vi skulle reise neste veke. No må eg i staden sitje heilt i ro, og kan ikkje ein gong røre på meg.

Les også: Det største eg har opplevd

Fekk beskjed om at undersøking ikkje var vits

Dvergsdal går for tida på krykker, men berre for kort tid sidan trudde ho at alt var på betringens veg. Legen sa til og med til ho at det ikkje var vits å ta noko MR-undersøking.

– Hadde eg vist om dette tidlegare hadde eg droppa dei løpa eg var med på, og då kunne eg kanskje ha vorte frisk att snart. Det heile er ganske frustrerande, for eg har sete på feil informasjon heile tida, seier Jølstringen.

Eli Anne Dvergsdal med krykker

PÅ KRYKKER: jølsterjenta har gått med krykker sidan ho fann ut om brotet

Foto: privat

Les også: Surt og kaldt på Skåla halvvegs opp

No har ho berre lyst til å kome seg i form att så fort som mogleg, men endå er det mykje ho ikkje veit.

– Eg håpar eg veit litt meir om eit par dagar, då skal eg til legen på nytt. Før den tid er eg framleis litt i uvisse.