Hopp til innhold

Sprang sitt livs løp og tok NM-sølv i terrengløp

Før løpet håpa han å vere blant dei fem beste. I staden vart det 2.-plass og NM-sølv for 25-åringen frå Stardalen.

Eivind Øygard

– YESS: Eivind Øygard går over mål som nummer to i NM i terrengløp i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det har vore noko eg har drøymt om lenge, å ta medalje i eit seniormeisterskap. Eg hadde eit håp om at eg kanskje skulle klare det i dag, men då eg såg på startlista så var det 3–4 namn som eg trudde kom til å bli for tøffe, seier Eivind Øygard.

I staden vart det stardølen som synte ryggen til konkurrentane og sprang inn på ein 2.-plass på 32.13, berre 00,07 etter vinnaren Okubamihael Fissehatsion (Tjalve).

– Det var vel eigentleg topp fem eg trudde kunne vere realistisk, og kanskje, dersom nokon hadde ein dårleg dag, så kunne det vere mogleg, seier Øygard.

Her kan du sjå NM-shovet frå Vik i opptak.

Formtopp

Øygard har konkurrert i fleire år utan å heilt nå dei øvste plassane, før det altså losna denne sesongen.

– Eg veit ikkje heilt kva som har gjort det. Kontinuitet er nok noko av forklaringa. Eg har vel følt eg har vore godt på trening i to år, men så har det vore litt stong ut med sjukdom, og ein skade i fjor som eigentleg øydela heile banesesongen, seier Øygard.

Marius Vedvik

AKKURAT IKKJE: Marius Vedvik enda på 4.-plass i NM i terrengløp i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stang ut

Ein som ikkje var like nøgd med løpet sitt i dag var Marius Vedvik (Gular) som måtte ta til takke med ein 4.-plass.

– Det vart litt stong ut. Eg hadde mål om medalje, men det er klart at han som vann er på eit heilt anna nivå enn meg i dag, seier Vedvik.

For eit gull i terrengløp lang løype er akkurat det som manglar i samlinga til Vedvik, som elles tel gull i alle øvingar frå 1500 meter til maraton.

– Sølv og bronse kunne vore innanfor rekkevidde i dag. Men så vart det ei luke etter to rundar. Eg tok inn på litt igjen på slutten, men det mangla akkurat litt, så det var ein sur 4.-plass i dag.

Men Vedvik er full av lovord over innsatsen til Øygard i dag.

– Eg er veldig imponert over Eivind som tok sølv. Løpet hans i dag heldt absolutt EM-kvalitet. Eg måtte nok ha sprunge mitt livs beste terrengløp nokon gong, skulle eg ha matcha han i dag, seier Vedvik.

NM-løypa i Vik

NM I LANG LØYPE: Løypene er 4, 6 og 10 km.

Foto: nmvik2017

Nordisk neste

NM-medaljen i terrengløpet var eit av dei to store måla til Øygard denne sesongen. No siktar 25-åringen seg inn mot Nordisk 11. november i Midelfart i Danmark.

– Eg tur det kan vere mogleg å ta medalje der også. No skal eg halde trykket opp og gå all in på det, seier Øygard.

Her finn du andre sportsresultat frå Sogn og Fjordane.