Hopp til innhold

Sprang 38 kilometer fjelløp i sandalar

– Det er ikkje noko eg vil anbefale alle å gjere, humrar Lars Bjørbæk frå Florø.

Lars Bjørbæk

KLAR TIL START: Lars Bjørbæk trivast best å konkurrere berrføtt, men stilte til start på Hornindal Rundt i tynne terrengsandalar.

Foto: Hornindal Rundt

Medan konkurrentane stilte i veleigna skotøy, fullførte Lars Bjørbæk Hornindal Rundt i sandalar.

Lars Bjørbæk

I FJOR: Slik såg det ut då Lars Bjørbæk sprang i sandalar i fjor.

Foto: Hornindal Rundt

Faktisk eit uvant skotøy for ein løpar som er mest kjend for å stille berrføtt.

– Det kjennest nesten ut som å springe berrføtt, og det må du ha gjort for å bruke terrengsandalar. Det er for å beskytte seg mot steinar og kutt, seier han.

Pers med god margin

Lars Bjørbæk

MOT TOPPEN: Lars Bjørbæk på veg mot Gulekoppen, som er det høgaste punktet på løypa.

Foto: Ole Eltvik Foto

34-åringen hadde eitt mål med konkurransen, å betre si eiga tid frå i fjor på 38 kilometeren. Med tida åtte timar og 11 minuttar klarte han det med god margin.

– Eg klokka inn på to timar betre tid. Det var mindre snø, regna ikkje så mykje og så er eg i betre form. Men det vart både tøft og kaldt, seier Bjørbæk som trivast best med å konkurrere berrføtt.

– Kvifor stilte du ikkje på 78 kilometeren?

– Det har litt med at eg prioriterer andre løp, men også fordi eg ville perse meg frå i fjor. Og så er det jo ei tøff løype.

Rekordmange

Eivind Klokkhaug (NTNUI) var den raskaste på full løype under Ultraløpet Hornindal Rundt. Han fullførte dei 78 kilometerane på tida 10:07:26. Best av dei lokale løparane var Simen Hjelmeland (Eid), Rasmus Gausemel (Stryn) og Geir-Olav Roset (Veten) på høvesvis 8., 9. og 11.-plass.

Av kvinnene var svenske Sanna Elkotthelander raskast med tida 1:20:26. Janne Eikås (Jølster) vart nummer tre med tida 12:48:56.

– Vi hadde rekordhøge 450 påmelde, men 382 startande. Det er om lag som i fjor, seier Svein Otto Espe hos arrangøren.

Ny løyperekord

Malene Haukøy

REKORD: Malene Haukøy har no rekorden for damer både på 75 kilometer ultra og 38 kilometeren av Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

Malene Haukøy (Høyang) var den einaste som sette løyperekord då ho klokka inn på 4:45:50 på 38 kilometeren.

– Så no har ho løyperekorden både på 75 og 38 kilometeren, seier Espe og legg til at det vart eit skikkeleg rotterace mellom André Haugsbø (Gaular) og Rasmus Haugen (Hornindal) om å bli raskaste herre på 38 kilometeren.

– Haugen var med og kniva heilt inn, men Haugsbø var raskast og enda til slutt få sekund bak sin eigen løyperekord, seier Espe og er stornøgd med årets arrangement.

– Når du har svenskar som spring i mål og seier at det er det beste terrengløpet dei har vore med på, og studentar i USA som er mektig imponert over livesendingane våre, då gjer vi noko rett, seier han.