Det har vore stor spenning knytt til konsekvensane av gårsdagens nedrykk, og under kveldens styremøte bad styreleiar Birger Grevstad om styrets tillit.
Det fekk han ikkje.
Grevstad valde dermed å fråtre vervet sitt umiddelbart.
– Det er jo naturleg å gå av når ein ikkje har fleirtalet av styret sin tillit. Men det er vaksent gjort å trekke seg, seier Erlend Vågane, leiar av Brannbataljonen.
– Bekmørkt
Vågane fortel at sjølv om styreleiaren ikkje sparkar ballen, så kan vala ein tar få konsekvensar på banen.
– Det er ikkje så overraskande at ein trekker seg etter ein slik sesong, men det er ganske radikalt av eit styre å sei at ein ikkje har tillit til sin eigen styreleiar, fortel han.
Han forventar at styret held fram evalueringa av sesongen.
– Det er bekmørkt å ikkje ha et lag i øvste divisjon i ein storby, seier Vågane.
Nestleiar Siv Skard tar over som styreleiar.
Dramatisk kamp
Etter tidenes drama enda kvalikkampen mellom Brann og Jerv med nedrykk frå Eliteserien for bergensklubben.
I 2022 er stoltheita til Bergen eit 1. divisjonslag.
Etter 1–1 i ordinær tid vart det til slutt 4–4 etter ekstraomgangane, før det til slutt enda med 7–8 på straffar.
– Det er ikkje noko kjekt, det er ein tung dag i dag, sa Petter Strand då han kom til Flesland torsdag føremiddag.
Strand har vore kaptein store delar av sesongen, men var ein av dei som ikkje klarte å få utteljing mot Jerv.
LANGT NEDE: – Det er ikkje noko gøy, det er ein tung dag i dag, seier Branns kaptein i mange kampar i år, Petter Strand.
– Har ikkje gått opp for meg
Midtbanespelar Sivert Heltne Nilsen stemmer i:
– Det var heilt absurd, det har enno ikkje gått opp for meg at vi rykka ned i går. Eg kan ikkje hugsa å ha spelt ein kamp med så mange sjansar og straffer, utan å få betalt.
Nilsen meiner dette har vore ein gjengangar den siste halvdelen av sesongen.
– Vi har spelt bra, men ikkje klart å setje ballen i mål. Det er utruleg kjedeleg, men slik er det med fotball.
Ifølge Nilsen hadde det ikkje gått utan støtte frå Brann-supporterane.
– Dei har vore heilt enorme, og mobilisert når vi har trengt dei som mest. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde vi ikkje spelt denne kvalikampen i det heile teke. Eg er utruleg takksam og stolt over å få spele for dei.
– Fotballen har vore brutal med oss
Med det nye nedrykket har laget frå Bergen lagt bak seg ein tøff sesong.
– Vi har det vondt, fotballen var brutal med oss i går, og det er vanskeleg å absorbere, seier trenar Eirik Horneland.
Han er ikkje klar for å gå inn i analysane om kva som kunne vore gjort for å hindra nedrykket.
– Eg må fyrst få vere litt forbanna og frustrert, så får analysane kome etter kvart. No skal vi jobbe med den tøffe sesongen vi har vore i gjennom. Det har vore mykje usikkerheit, frustrasjon og skam, så no må vi finne krafta for å slå tilbake.
Heile åtte gongar hamna ballen i nettet i nervedramaet mellom Jerv og Brann.
Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAYStyremøte i dag
Etter returen på Flesland går turen vidare til styremøte på Brann Stadion, der NRK også vil vere til stades.
Det har blitt spekulert i om dagleg leiar Vibeke Johannesen si stilling må vurderast på nytt etter «helvetessesongen».
– Eg er oppteken av å finne dei beste løysingane for klubben, så får det vere opp til styret å ta den vurderinga. Eg er veldig motivert for å fortsette så lenge eg har den nødvendige støtta frå styret, seier dagleg leiar i klubben, Vibeke Johannessen.
STYREMØTE: Her på Clarion Hotell på Flesland held Sportsklubben Brann styremøte etter tapet mot Jerv.
Foto: Benjamin Dyrdal / NRKIfølge Johannesen skal styret og organisasjonen setje seg ned for å diskutere vegen vidare.
– Vi skal legge ein plan for korleis vi fortast mogleg skal komme oss opp i Eliteserien.