Hopp til innhold

Skandalesesongen: Så ille var 2021 faktisk for SK Brann

Gjenopplev det utrulege året: Er det mogleg at så mykje kan gå gale på så kort tid?

Football, Eliteserien Playoff, Brann - Jerv
Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY
Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Det siste året har det verka som Sportsklubben Brann sin eksistens har følgd ein fast syklus.

Fyrst skuffar klubben. Så ser det ut som om det kan lysna for sportsklubben i det fjerne. Håp blir tent. Så kjem nedturen. Den eine hardare enn den andre.

Noregs nest største by har ikkje lenger noko eliteserielag. Klubben med nokon av dei mest hengivne supporterane i Noreg, har rykka ned.

Kor mykje gjekk eigentleg gale for Sportsklubben Brann i 2021?

Januar: Kunstgraskampen

«Brann er ingen plastklubb».

Klistremerka kjem opp over heile Bergen etter at BA kunne avsløra at leiinga i Sportsklubbene hadde gravemaskinene klare for å legge kunstgras på stadion.

Bergenske fotballsinn kokar. Eit ekstraordinært årsmøte fekk stoppa kunstgrasplanane. Men saka skapte splid mellom dei som på ulikt vis jobbar for suksess for SK Brann.

Likevel var det berre dei aller mest pessimistiske som såg for seg korleis året skulle utvikla seg.

Februar: Koronakampen og sportsjefssparking

Etter 2-0-siger mot Bodø/Glimt i ein treningskamp i Vestlandshallen våger somme å håpa på medalje.

Det tenner håp for framtida at Niklas Jensen Wassberg, «Kniklas», skårar det eine av måla i sin debut. 16-åringen har mykje Brann-blod i årene; han er barnebarnet til Roald «Kniksen» Jensen og son til Roy Wassberg.

Etter kampen får Brann kjeft av statsminister Erna Solberg. Undervegs i kampen melder nemleg BA at Helsedirektoratet meiner kampen er i strid med koronareglane.

Han ser noko betutta ut, Rune Soltvedt.

Det er kanskje ikkje så rart. Han har nettopp fått sparken som sportssjef i Brann etter 15 år i klubben.

– Denne avgjerda er heilt og holdent min, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen.

Mars: Nytt styre

Kasper Skaanes vender heim til Bergen, etter tre år i eksil og nedrykk med Start. I ei pressemelding seier trenar Kåre Ingebrigtsen at han vil dyrka Skaanes som indreløpar i sin 4-3-3-formasjon.

På årsmøtet blir Birger Grevstad valt som leiar og Siv Skard som nestleiar. Inn i styret kjem og mannen med nest flest kampar for Brann, Geirmund «Geddi» Brendesæter. Tidlegare landslagsspelar Madeleine Giske og supporterkandidat Per Arne Flatberg tar dei to siste plassane.

Brann går inn mot seriestart med det trenar Kåre Ingebrigtsen skildrar som ein alt for tynn stall, særleg i forsvar.

Brann er framleis utan sportssjef.

April: – Skulle gjerne gitt tiårskontrakt

Brann taper treningskampar mot Sogndal, Åsane og Bodø/Glimt, men klarer uavgjort mot Sandnes/Ulf.

Brann-leiinga seier dei ikkje er uroa.

Kristoffer Barmen signerer kontrakt med Brann ut 2025-sesongen.

– Eg skulle gjerne gitt ham ei tiårskontrakt, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen til BT.

Brann er framleis utan sportssjef.

Kristoffer Barmen

TI ÅR: Kristoffer Barmen har vore i klubben sidan han var ti år. Her frå ein kamp i 2012.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Mai: – Mental utfordring

Brann tapar dei seks første seriekampane. Samla målforskjell er 4–17.

– Me har ei mental utfordring, stadfestar trenar Kåre Ingebrigtsen etter tre tap.

– Det er ingen andre enn meg som har ansvaret for dette, det skal ingen lura på, seier han etter det femte.

Den framleis sportssjef-lause klubben hentar inn den norsk-luxemburgske midtstopparen Lars Christian Krogh Gerson for å tette att bak.

Klubben køyrer han aldri gjennom ein medisinsk test. Når han kjem til Bergen blir han operert, og skada i tre månader.

22. mai presenterer Grevstad og Johannesen danske Jimmi Nagel Jacobsen som ny sportssjef.

Jacobsen var med å rykka ned til dansk fyrstedivisjon med Esbjerg i 2019/2020-sesongen.

To veker før tilsetjinga i Brann blir Jacobsen i ein kommentar i avisa JydskeVestkysten kritisert for å ha levert dårlege resultat, for å vera dårleg til å kommunisera, og for å ikkje vera samlande i Esbjerg.

Brann vinn sin fyrste kamp 30. mai. Ingebrigtsen omtalar det som «ein genistrek» å ha sett innpå den lokale 19-åringen Aune Heggebø.

Juni: Folk kan koma på stadion

Brann vinn mot 2.-divisjonslaget Øygarden i ein treningskamp, men klarar ikkje å ta meir enn to poeng på dei fire kampane i juni. Dei beheld botnplasseringa i eliteserien.

Koronarestriksjonane blir letta på. For fyrste gong på halvtanna år er kan meir enn 600 tilskodarar sjå kamp på Brann Stadion. 3193 møter opp på den fyrste kampen.

Juli: Ingebrigsten må gå

Brann tar to poeng på tre kampar i eliteserien, men tek seg vidare frå 1. runde i cupen med 5–0 mot Bjarg.

Den danske keeperen Mikkel Andersen blir henta frå FC Midtjylland.

Etter elleve månader som trenar, blir Kåre Ingebrigtsen sagt opp som trenar.

– Vi takkar han for lojaliteten til prosjektet vårt, og beklagar sterkt at resultatoppnåinga ikkje har vore til stades, seier styreleiar Birger Grevstad.

Ingebrigtsen sin assistent, Eirik Horneland, blir mellombels hovudtrenar.

Toppskårar Daouda Bamba blir seld til tyrkiske Altay for kring 3 millionar kroner. Han kosta 9 millionar å henta i 2018.

Tidlegare kaptein Sivert Heltne Nilsen returnerer til Brann etter tre år i Danmark, Sverige og nedrykk i Belgia. Han kjem for å hjelpa å berga klubben.

August: Nachspielet

Bård Finne vender heim til Bergen, åtte år etter han som 19-åring forlét klubben for tyske Köln.

På trening føremiddag tysdag 10. august blir Horneland presentert som trenar ut sesongen.

Natt til onsdag sprekk BT nyheita om at Brann-spelarane var på byen måndag, før 12 av dei avslutta kvelden med eit nachspiel på Stadion. Etter kvart blir det kjent at sju kvinner utanfor kohorten og var med.

På trening den dagen innrømmer enkelte av spelarane at dei var med på nachspielet. Om ettermiddagen blir det kjent at Vegard Forren er ferdig i Brann.

Fyrst er Bergen litt delt. Enkelte meiner det må vera greitt å ta seg ein fest, og at Brann-spelarane kanskje kan ha godt av ei rotbløyte.

Dei fleste er nok skaka over kor lite profesjonelle Brann-spelarane står fram.

– Når Brann ligg der dei ligg, og supporterane prøver å mobilisera folk på kamp og støtta laget, så er det respektlaust å driva på sånn, seier supporterleiar Erlend Vågane.

Torsdag 12., vel ein dag etter at det blei kjend kva som hende natt til tysdag, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen at den uthenginga laget har opplevd i media er straff nok. Ingen av spelarane kjem difor til å bli utestengde.

Når Brann-leiinga har forsøkt å leggja ballen død, annonserer dei at midtstoppar Fredrik Pallesen Knudsen vender heim til Bergen.

Men rykta har for lengst byrja å svirra i Bergen. Fredag den 13. sende politiet ut pressemelding om at dei hadde starta etterforsking. Ein mann var mistenkt for mogeleg seksuelt overgrep mot ei fornærma kvinne etter festen natt til tysdag.

Laurdag 14. haldt Brann-leiinga pressekonferanse. Der vart det kjent at klubben skulle testa både personar og område på stadion for narkotika. I løpet av veka var det og kome fram at Stadion hadde blitt brukt som nachspiel-lokale tidlegare.

– Det er avskyeleg. Avskyeleg. Hadde eg visst om det, hadde eg sjølvsagt gjort noko med det, seier Horneland.

Mikkel Andersen og Kristoffer Barmen var utelatne frå kamptroppen sundag 15. august.

Brann vinn kampen heime mot Sandefjord 3–2 sundagen, etter å ha lege under 1–2 til pause.

Bataljonen var stille i 19 minutt og åtte sekund, ein referanse til året klubben vart stifta, 1908.

Eliteserien fotball 2021: Brann -Sandefjord Fotball

STILLE: Slik pleier det ikkje å sjå ut blant Brann-supporterane. I vel 19 minutt var dei stille mot Sandefjord.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Stemninga minutta før og etter kampslutt var vanskelege å beskriva.

Når laget skal stiller seg mot Bataljonen på sigersrunden rundt Stadion, bryt song spontant ut.

Nystemten gjallar mellom tribunane. Songen som blir sunge før kamp. Aldri etter, slik som no.

Kanskje vart fansen minna om kvifor dei ein gong vart glade i idrettslag, og at Sportsklubben Brann ikkje treng å vera einstydig med noko vondt.

– Det opplevast surrealistisk. Ei slags blanding av lette og dårleg samvit for at me som klubb ikkje har vore dei førebileta me skulle vera, seier forsvarsspelar Ruben Kristiansen etter kampen.

Men å vinna fotballkampar løyser ikkje alle problema Brann har. Tysdag 17. møter dagleg leiar Vibeke Johannesen og styreleiar Birger Grevstad pressa etter eit styremøte. Etter ein kort seanse vender dei ryggen til og går.

NRK sin sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner møtet med pressa var «meiningslaus».

– Eg skal svara på alt de spør om. Slik opnar Eirik Horneland sin seanse med pressa dagen etter, onsdag 18.

Og Horneland gjer akkurat det. Han svarar på alt. Han er ærleg, også om det som er vanskeleg. Han er tydeleg. Han tenkjer før han snakkar.

Eirik Horneland svarar på om han har vore i kontakt med Kristoffer Barmen, som ikkje er på trening den dagen.

– Eg har snakka med han som menneske, og ein som ynskjer å ta vare på han og alle andre oppi dette. Det er mange som har gjort feil. Samtidig så ynskjer eg å vera der for dei som ein trygg person nær dei, svarar Horneland. Det verkar som han bryr seg.

Midt oppi alt kaoset er det altså trenar Eirik Horneland som står fram som den mest tillitskapande i Sportsklubben. Sjølv om saka i stor grad er ute av hans hender. Horneland skal fokusera på fotballen.

Så ber han spelarane som var på det etter kvart så famøse nachspielet stå fram.

Like etter møter Mikkel Andersen pressa. Han har hatt sin fyrste dag tilbake på trening. Dansk er ikkje alltid like lett å forstå. Men uttrykket Andersen har i andletet, er ikkje til å misforstå.

Med ei alvorleg mine fortel han om då han og familien vart vekte av brannalarmen i leilegheitskomplekset dei bur. Då dei var kome ut på gata, vart han kjent att.

– Det er det mest voldsomme eg har vore med på, seier Andersen.

Medan Bergen ventar på at spelarane skal stå fram, blir det føremiddag 20. august kjent at Kristoffer Barmen blir fjerna frå posane til Brann-brødet.

Same ettermiddag blir det kjent at både Barmen og Andersen er ferdige i klubben.

Andersen har sjølv valt å seia opp. Barmen blir oppsagt, blant anna fordi klubben meiner han har hatt ei sentral rolle i gjennomføringa av nachspielet. Det er ikkje mange månadane sidan han signerte kontrakt ut 2025. Barmen har vore i klubben sidan han var 10 år gamal.

Ti andre spelarar får ei skriftleg åtvaring frå Brann.

Brann taper borte mot Strømsgodset 22. august. Enno ligg dei sist på tabellen.

Ni av nachspiel-deltakarane står fram dagen etter.

Daniel Pedersen, Sivert Heltne Nilsen, Markus Olsen Pettersen, Mathias Rasmussen, David Møller Wolfe, Ole Martin Kolskogen, Thomas Grøgaard, Eirik Holmen Johansen og Lars Krogh Gerson har skrive under på meldinga.

I tillegg var altså Mikkel Andersen, Kristoffer Barmen og Vegard Forren til stades på nachspielet.

Men ballen er ikkje lagt død. Det rekk ikkje å gå eit døgn, før BT skriv at politiet etterforskar ei valdssak etter nachspielet.

Den fornærma er ei ung kvinne. Klubben erkjenner at dei er «kjent med dei faktiske forholda».

26. august sender politiet ut pressemelding om at mannen som var mistenkt for seksuelt overgrep på nachspielet, er sikta for valdtekt. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Overgangsvindauget nærmar seg slutt, og kvelden den onsdagen melder klubben at dei har signert midtstopparen Runar Hove frå Viking.

Brann tapar mot Viking.

30. august blir det klart at Brann låner tyske Lennart Grill frå Leverkusen ut sesongen.

I ei pressemelding beklagar Brann at Kristoffer Barmen ikkje tar ansvar for eigne handlingar. Ti dagar etter oppseiinga, har nemleg ikkje dei to partane blitt einige.

Back Thomas Grøgaard går til Strømsgodset siste dagen av overgangsvindauget.

Same kveld begrev Brann og Kristoffer Barmen stridsøksa, melder klubben. Barmen blir fristilt og går til Aalesund, der gamletrenar Lars Arne Nilsen regjerer.

September: Klatrar på tabellen

Det tidlegare Juventus-talentet Vajebah Sakor signerer kontrakt ut sesongen.

Før kampen mot Kristiansund opnar nye Store stå, ståtribunen til den mest hardbarka Brann-fansen. Ståtribunen har vore klar sidan etter 2019-sesongen, men ikkje blitt brukt før gjenopninga av samfunnet.

Brann vinn 3–1 mot Kristiansund. Med ti rundar att ligg dei ikkje lenger an til å rykka rett ned. Det er ikkje så verst måte å feira klubben sin 113-årsdag på det.

Politiet blir ferdige med å etterforska dei to straffesakene etter nachspielet. Valdssaka endar med at mannen vedtek ei bot på 10.000 kroner for å angiveleg ha bite nokon.

Han erkjenner ikkje straffskuld, men vedtek ifølgje forsvararen bota for å bli ferdig med den.

Valdtektssaka blir oversendt til statsadvokaten.

Oktober: Same gamle

Brann-fansen mobiliserer stort før bortekampen i Mjøndalen. Brann har ikkje vunne mot Mjøndalen sidan 1992.

Det gjer dei ikkje no heller. Trass i at Brann er betre enn Mjøndalen. Som speler med ti mann på bana i ein omgang. Og ein bortetribune full av Brann-supportarar.

Heime mot nedrykkskandidat Stabæk blir det og eitt poeng.

Stabæk skårar fyrst. Lennart Grill bøyer seg ned og er klar til å ta i mot langskotet frå 30 meter. Men ballen sprett ikkje slik han tenkt. I staden for å ta ballen, sprett den rett i fjeset hans, og i mål.

Kasper Skaanes kjem innpå og set inn eitt mål på overtid.

Også mot Odd blir det uavgjort.

Valdtektssaka etter nachspielet i blir henlagt på bevisets stilling av Statsadvokaten.

– Strafferettens strenge beviskrav ikkje er oppfylt i denne saka, heiter det i pressemeldinga derifrå.

Før kampen mot Viking blir begge dei to føretrekte midtstopparane, Fredrik Pallesen Knudsen og Japhet Sery Larsen, skada.

Det ser komisk ut når kampen mot rogalendingane startar på Brann Stadion. Det er så vått på grasmatta at ballen stoppar fullstendig opp, gong etter gong.

Midtstoppar Lars Christian Krogh Gerson spelar sin fyrste kamp, men blir skada etter ti minutt. Seinare skal det visa seg at skaden gjer at han blir ute fleire månader.

Ifølgje Brann-lege Arne Instebø skjer skaden fordi overvatnet på gjer til at Gerson får ein unaturleg vriding av foten.

Viking skårar etter at ballen glepp ut av hanskane til Grill i det våte været. Ein kjapp Viking-fot tuppar ballen i mål.

Brann-supporterane ser kanskje ikkje den store humoren. Viking vinn 2–0. Brann beheld 14.-plassen.

Igjen blir grasmatta på stadion eit tema. Tidlegare trenar Kåre Ingebrigtsen har no blitt sportssjef i Åsane. Han er tydeleg på at det burde vera kunstgras.

– Det viser vel at eg hadde rett. Det gjer nok dei tre neste kampane og, seier han.

Brann tapar på kunstgraset på Intility Arena borte mot Vålerenga på den siste dagen i oktober.

November: Seigpining

Rosenborg gjestar Bergen. Dei skårar fyrst, men så skårar Brann to mål på to minutt.

Back Ruben Kristiansen knekk armen, og må ut på båre like før pause.

I andreomgang kjem Rosenborg tilbake. Kampen endar 2–2.

Det eine poenget gjer at Brann smyg seg forbi Stabæk på grunn av betre målforskjell og klatrar opp att på 14.-plass.

– Dette blir ei seigpining, seier Horneland.

Eirik Horneland har vore mellombels Brann-trenar i vel fire månader før han takkar ja til jobben på permanent basis.

Seinast veka før har Horneland sagt til BT at det kjem til å koma ein ny trenar.

Men etter ein samtale med Kåre Ingebrigtsen snur haugalendingen skuta. Det var Ingebrigtsen som i si tid henta Horneland.

Seks minutt ut i kampen mot Sandefjord gjer Aune Heggebø det det verkar som Aune Heggebø kan best i heile verda; snik seg inn på bakarste og regelrett stangar ballen i mål.

Høyere enn Fløyen,

større enn en sjø,

sterkere enn Hulken,

men Aune han er rød

Det tok ikkje lang tid frå den lokale 20-åringen byrja å spela regelmessig i sommar, til fansen byrja å synga om han.

Men så gjer Brann noko av det Brann kan best; slepp inn mål. To mål på to minutt. Sidan Horneland tok over roret har raudtrøyene sloppe inn mål i kvar kamp.

Klokka bikkar 90 minutt, og Brann ligg framleis under. Tilleggsminutta byrjar å tikka.

Brann er desperate, dei treng poenga. Stabæk har teke tre poeng i kampen som spelast samtidig. Det har og Mjøndalen.

Tre minutt på overtid bestemmer Bård Finne seg for å skyta frå kanten av 16-meteren. Ballen går i ein Sandefjord-fot. Og blir sendt i ein perfekt bue over Sandefjord-keeper Jacob Storevik. Bergensarane reddar med seg eitt poeng heim.

Etter kampen viser det seg at ein Brann-supporter har tissa på ein fotograf. Supporteren blir utestengt frå Brann Stadion inntil vidare.

Brann tapar heime mot eit gulljagande Molde på den rimete grasmatta 28. november. Igjen kjennest det som nesten for Brann.

Brann ligg igjen sist på tabellen, a poeng med Mjøndalen som har betre målforskjell. Det er tre poeng opp til Stabæk på kvalikplass.

Desember: Heile sesongen på ein kamp

Fyrverkeriet står klart i Bodø. Sundag 5. desember kan Glimt feira gullet, om dei får meir poeng enn tre poeng luke til Molde.

For Brann er situasjonen heilt motsett. Tapar dei denne skjebnekampen, kan nedrykket vera eit faktum.

Brann er sjølve definisjonen av å hengja i taua i fyrste omgang. Dei er berre heldige som kan gå i garderoben med berre to mål i mot.

Etter pausen kjem Brann seg inn att i kampen. 17 år gamle Niklas Jensen Wassberg skårar ti minutt før slutt.

Det ser ikkje ut til å gå vegen. Når 90 minutt er spelt, tar Horneland ut Wassberg, og set innpå Bård Finne. Han skaffar Brann ein corner med eit skot som går ut over linja via ein gulkledd fot.

Sivert Heltne Nilsen vippar hjørnesparket inn. Mathias Rasmussen får hovudet på ballen, men ikkje i retning mål. Ballen landar i staden på foten til Finne, som knallar den i mål.

Med kampens siste skot avlyser Bård Finne fyrverkerioppskytinga i Bodø. Brann kan framleis klara kvalikplassen.

Brann veit at dei må vinna over Sarpsborg 08 heime for å kunna klatra frå 15.-plass til 14.-plass og kvalik. Men dei treng og hjelp frå Odd på 13.-plass denne siste serierunden. Stabæk må tapa poeng i Skien, viss Brann skal kunna klara seg.

Mange av dei 10.527 som har møtt opp på stadion følgjer med på to kampar samtidig. Håpet blir tent når Odd går opp i leiinga i Skien.

Men Brann må også gjera jobben sjølv. Det er det David Møller Wolfe og Aune Heggebø som gjer noko med.

Etter 58 minutt kjem backen Wolfe i høg fart nedover venstrekanten. Han legg inn til Heggebø, som er på rett plass til rett tid. 1–0.

Sju minuttar etter gjer Wolfe heile jobben sjølv. Igjen kjem 19-åringen frå venstrekanten og fintar seg forbi Sarpsborg sitt forsvar, før han pirkar ballen elegant i mål.

– Dei krigar seg tilbake og viser at dei er nokre vi kan rekna med. Det er eit sterkt teikn og ein sterk eigenskap, seier midtstoppar Fredrik Pallesen Knudsen.

I farens stund er det dei unge, lokale spelarane som reddar laget. Brann skal spela kvalik.

Mangler "image" parameteret

Skodda gjer det vanskeleg for dei 400 brann-supporterane på Intility Arena å sjå noko som helst. Heller ikkje dei som ser kampen på TV, ser noko særleg meir enn halve banen.

Bit eller bli biten. Brenn eller bli brent. No gjeld det. Vinn denne kampen, og plassen i eliteserien til neste år er din. Tap, og du må spela i 1. divisjon.

Football, Eliteserien Playoff, Brann - Jerv

SKUFFA: Det gjekk ikkje vegen for Brann då dei møtte Jerv i desember.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Det er Jerv som står på andre sida av banen. I mål står Øystein Øvretveit. Han har opplevd Brann i kvalik før. I 2014 måtte den då 20 år gamle keeperen stå for bergensklubben då dei spelte mot Mjøndalen. Det enda med nedrykk.

Når kampen startar er det heilt klart stor forskjell på Jerv og Brann. Igjen og igjen og igjen prøver Brann. Men ballen vil liksom akkurat ikkje mellom målstengene.

Jerv får hol på byllen fyrst. Brann ligg under, men får straffe tre minutt etter. Finne tar den, og sender ballen mot venstre hjørne. Det er akkurat der Øvretveit ligg.

Aune Heggebø pirkar inn 1–1 like etter pause, på ein retur frå Øvretveit. Brann får igjen sjansen til å ta leiinga. Brann får nok ein straffe. Mathias Rasmussen går opp for å ta den. Han prøver høgre hjørne. Det er akkurat der Øvretveit ligg.

Ekstraomgangane blir blesne i gang. Eitt minutt går før dommaren bles straffe til Jerv. Runar Hove, som nett kom innpå, raudt kort.

Jerv viser Brann korleis ein straffe skal takast. Campos limer den nede i venstre hjørne. 1–2.

Med åtte minutt att av ekstraomgangane set Jerv det som ser ut som den siste spikaren i kista. 1–3. Korleis skal Brann koma tilbake frå dette?

Ved at Kasper Skaanes skårar på hovudet. Seks minutt før slutt startar Brann opphentinga att. 2–3.

Fire minutt før slutt skårar Vajebah Sakor eit hardt langskot som smell oppe i hjørnet. 3–3. Brann-supporterane skyt opp bluss.

Trua på straffesparkkonkurranse er over før blussa sløkkjer. Jerv svarar umiddelbart. Ibrahim lurer ein sylfrekk ball forbi Lennart Grill. 3–4 til Jerv, med tre minutt att.

Det komplette kaos oppstår inne i Jerv sin boks når kampen har vart i to timar. Heggebø prøver å snika ballen inn, utan hell. Han prøver andre gong, tredje gong. Etter mykje klabb og babb får til slutt Sivert Heltne Nilsen pirka ballen over målstreken.

Dei to laga følgjer kvarandre tett i straffesparkkonkurransen. Begge lag treff fire av dei fem ordinære straffene. Fyrst på den niande straffa bommar Robert Taylor, Brann sin tidlegare straffetakar. Jerv-spelar Ibrahim treff.

Jerv Brann etter kampen 2

BOM: Robert Taylor etter kampen mot Jerv.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det er over. Gong på gong har heile Bergen vore sikre på at Brann skulle rykka ned. Gong på gong har Brann redda seg inn att i siste liten. No finst det ikkje fleire sjansar.

– Det er skamfullt. Eg trur heile Bergen lir, seier Horneland.

– Det er ein kamp me skulle vinna forholdsvis greitt. Det er ganske surrealistisk, seier han.

Dei vel to timane på grasmatta i Oslo oppsummerer Brann sin sesong godt. Frå eit håplaust utgangspunkt kjempar klubben seg tilbake att, gong på gong. Men akkurat når håpet blir tent, kjem nedturen.

Fingrar har allereie blitt peika mot Vibeke Johannesen og styret i Brann mange gongar i løpet av sesongen. Noko mindre peiking blir det ikkje etter nedrykket.

Sportssjef i BA, Tormod Bergersen, er blant dei som seier han ikkje forstår korleis dei skal skapa optimisme i Bergen med den ballast dei har.

– Viss eg hadde vore dei hadde dei, ville eg sagt takk for meg, seier Bergersen torsdag.

Same kveld gjer Birger Grevstad det. Ei veke før jul samlast styret for å diskutera vegen vidare. Av habilitetsgrunnar veljer Geirmund Brendesæter å trekkja seg frå styret, sidan laget han er trenar for har rykka opp til 3. divisjon. Der speler og Brann 2.

Grevstad ber styret om deira tillit. Det får han ikkje, og trekkjer seg umiddelbart som styreleiar.

– Det er ikkje så overraskande at ein trekker seg etter ein slik sesong, men det er ganske radikalt av eit styre å sei at ein ikkje har tillit til sin eigen styreleiar, seier supporterleiar Erlend Vågane.

Nestleiar Siv Skard rykker opp og blir styreleiar i Sportsklubben torsdag kveld. Varamedlem Espen Brochmann rykker opp og blir medlem.

Fredag trekker også Brochmann seg frå styret. Dei fire gjenverande medlemene skal sitja til årsmøtet i mars. I utgangspunktet.

Men laurdag kveld den 18. desember kjem meldinga frå klubben: dagleg leiar Vibeke Johannesen går av, og dei som er att i styret stiller plassane sine til disposisjon.

– Styret og Vibeke blei, etter ei grundig evaluering og ei heilheitsvurdering av sesongen 2021, samde om at det beste for klubben er å finna ein ny dagleg leiar til å reisa Brann etter nedrykket, seier styreleder Siv Skard til NRK laurdag kveld.

Klubben skal kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte så snart valkomiteen har innstillinga til nytt styre klart.

No ventar 2022 og 1. divisjon for heile Bergen si stoltheit. Og i årsmøtet på slutten av året blir det klart at ein ny diskusjon også vil prege neste år: Skal det vere kunstgras på Brann stadion?