Ordførar Jan Herstad. Arkivfoto NRK
Det var på den store konferansen om framtidsbygda måndag at landbruksminister Lars Sponheim gjekk kraftig i rette med Naustdal-ordføraren. Herstad sa at det Sponheim eigentleg meinte var at dersom vi får vekk alle bøndene, så blir alle rike. Det fekk landbruksministeren til å seie at Herstad er ueigna til i det heile å vere ordførar.
- Bakstreverske ordførarar
- Det Sponheim seier er at det er bakstreverske ordførarar som har skulda for at det ikkje skjer noko på bygdene, seier ein provosert Jan Herstad. - Det nyttar ikkje å sitte i eit departement og vedta korleis bygdene skal vere dersom folk ikkje tek tak i det sjølve, og at vi har ordførarar som greier å heve blikket ut over dei lettvinte polemiske debattane, sa Sponheim på møtet i Førde.
Lars Sponheim. Arkivfoto Scanpix
- Sponheim fråskriv seg ansvar
- Det som provoserer meg mest er at landbruksministeren fråskriv seg alt ansvar for utviklinga av bygdene. Det må vere departementet og kommunane som i lag må legge rammevilkåra til rette for å kunne utnytte dei ressursane vi har, seier Herstad.
- Vi har vyer, men....
- Eg trur dei fleste ordførarane har vyer, men vi slit med å oppretthalde heilt grunnleggande rammevilkår som standarden på kommunale vegar, eit godt nok pleie- og omsorgstilbod for dei eldre, og faktisk utrtyr til skulane. Her har både statsråden og eg eit ansvar, seier ordførar Jan Herstad i Naustdal.