Hopp til innhold

Fleirtalet i Jølster seier ja til storkommune i Sunnfjord

Jølstringane gjekk mann av huse for å seie sitt om kommunesamanslåinga. Berre 49 røyster skilde nei frå ja til samanslåing med Førde, Gaular og Naustdal kommunar.

Opptelling av røyster i Jølster

FLEIRTAL: Jølstringane gjekk mannsterke til valurnene, og resultatet vart svært jamt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum kom for å blåse ein nei-vind over Jølstringane , men det var ja-sida som trekte det lengste strået i kommunesamanslåinga.

For 51,42 prosent av jølstringane røysta ja til å bli med i ein storkommmune i Sunnfjord. 48,58 røysta ja til å behalde Jølster som ein eigen kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Dermed vart det ikkje det klare svaret som ordførar Oddmund Klakegg (Sp) ynskte seg. Sjølv om 73,26 av dei røysteføre jølstringane sa sitt.

I alt 1 729 personar røysta.

Oddmund Klakegg

SKUFFA: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er skuffa over resultatet etter folkerøystinga i Jølster.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er jamt, men eg har fått eit svar med høg valdeltaking. Då må vi seie at det er eit godt utgangspunkt at mange jølstringar har sagt si meining. Klart og tydeleg er det ikkje, seier Klakegg.

Stor oppslutnad

Debatten har gått friskt i Jølster om kommunen skulle stå åleine, eller om ein skulle slå seg saman med Førde, Gaular og Naustdal kommunar. Frontane har vore steile, noko som også reflekterer seg i den høge oppslutnaden.

Slik er resultatet i Jølster

Alternativ A:Jølster kommune held fram som eigen kommune

Alternativ A:Jølster kommune held fram som eigen kommune

Alternativ B:Jølster slår seg saman med Førde kommune, Gaular kommune og Naustdal kommune

Alternativ B:Jølster slår seg saman med Førde kommune, Gaular kommune og Naustdal kommune

Krins

Tal røysteføre

Tal røyster

Prosent røyster

Tal røyster

Prosent røyster

Prosent valdeltaking

Årdal

205

119

77,78 %

34

22,22 %

74,63 %

Skei/Stardalen

783

519

88,57 %

67

11,43 %

74,84 %

Gjesdal

424

72

21,69 %

260

78,31 %

78,30 %

Eikås

705

62

12,45 %

436

87,55 %

70,64 %

Ålhus

226

68

42,50 %

92

57,50 %

70,80 %

Sum

2360

840

48,58 %

889

51,42 %

73,26 %

Valdeltaking: 1729 - 73,26 %

Størst er oppslutnaden i Gjesdal krins på Vassenden, med 78,3 prosent. Både her og i Eikås krins er det størst oppslutnad til kommunesamanslåing med høvesvis 78,31 og 87,55 prosent.

Rådet om å stå åleine er høgast i Årdal og Skei/Stardalen med høvesvis 77,78 og 88,57 prosent.

– No er det opp til formannskap og kommunestyre å ta prosessen vidare. Eit fleirtal er eit fleirtal, seier Klakegg.

Forhandlingar fredag

Senterpartiordføraren har flagga høgt sin motstand til ei kommunesamanslåing. Han har også sagt at han vil tilrå kommunestyret å følgje rådet frå innbyggjarane.

– Eg kunne ynskt meg eit anna resultat og eit klarare svar, så eg er litt skuffa. Men i eit fleirtal ligg det at ein må gå vidare med ei forhandling, så må ein leggje fram ei klar og tydeleg tilråding til politisk behandling, seier han.

Allereie fredag skal dei fire Sunnfjord-kommunane samlast til forhandlingar. Der møter ein annan kommune med jamt resultat, Gaular.

– No har eg ikkje fått snakka med mine partikollegaer endå, men det må nok ein del drøftingar til før ein er klar med standpunkt i Jølster, seier Klakegg.

– Klart fleirtal

Judith Kapstad (V) meiner rådet frå jølstringane er klart, sjølv om det berre skil nokre få røyster. Ho var letta etter at siste kontrolloppteljing var gjennomført.

– Det er trass alt eit fleirtal, og det er høg valdeltaking. Då har jølstringane sagt at dei ynskjer denne endringa, seier ho.

– No må vi jobbe vidare med å samle kommunen slik at alle etter kvart føler at det er rett for Jølster kommune i heilskap å gå inn i Sunnfjord kommune, legg Kapstad til.

– Korleis blir dette jobba med vidare?

– No må vi diskutere i kommunestyre og saman på tvers av parti. Det er gjerne naturleg å vere bakpå og redd for endringar, men her har fleirtalet sagt at dei vil ha endring og det er eit godt utgangspunkt å gå vidare med.

Sjekk resultata frå alle folkerøystingane og innbyggjarundersøkinga i dei andre kommunane her.