Hopp til innhold

Splid om behandlingstilbod: – Det er kvinnene som taper på dette

I Sverige er det fire behandlingssenter for kvinnesjukdomen endometriose. I Noreg er det usemje om eit slikt senter trengst.

Maria Eide og Merethe Eide

EI AV MANGE: Maria Eide Nøstdal (21) er ein av 260.000 norske kvinne som har diagnosen endometriose. Snart skal ho setje eigen kropp i kunstig overgangsalder. Her er ho saman med mora Merethe Eide.

Foto: Seline Larsen / NRK

NRK fortalde denne veka om Maria Eide Nøstdal (21) som skal lure eigen kropp til å tru at den er middelaldrande.

Ved hjelp av kunstig overgangsalder skrur ho sin biologiske alder 30 år fram.

Maria har sjukdommen endometriose. Den delar ho med kvar tiande kvinne verda over, og 260.000 norske kvinner.

1. januar i år opna Sverige sitt fjerde senter for å behandle endometriose.

I Noreg er talet null. I staden er pasientane prisgitt fastlege og lokale forhold.

maria eide endometriose
Endometriose er ein tilstand kor vev veks utanfor livmora. Det kan føre til blødningar og sammenvoksing av vev på ulike organ i magen og bekkenet.
Sjukdomen kan vere vanskeleg å diagnostisere. Typiske symptom er smerte ved menstruasjon og vanskar med å bli gravid.
Ein kan behandle endometriose kirurgisk eller medisinsk. Målet er å fjerne menstruasjon.
FOTO: SELINE LARSEN / NRK

– Viktig å samle kompetansen

Dei regionale helseføretaka i Noreg er delt inn i søraust, midt, nord og vest.

Spørsmålet er om dei bør konsentrere kompetansen i eitt nasjonalt behandlingssenter.

– Avansert endometriose er komplisert å behandle kirurgisk, og det er viktig å samle kompetansen, seier Bjørn Busund, gynekolog og tidlegare klinikkdirektør på Oslo universitetssjukehus.

Endometrioseforeningen og Norske Kvinners Sanitetsforening seier til NRK at også dei ynskjer seg eit eige nasjonalt behandlingssenter for endometriose.

– Inga sjølvfølge at sentralisering er den beste løysinga

– Det er inga sjølvfølge at det å sentralisere kompetanse og behandling er den beste løysinga for dei talrike pasientane med eller utan diagnose over det ganske land, seier Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest.

Han legg til:

– Om du samlar behandling av ei gruppe med ein bestemt sjukdom, betyr det ikkje berre ein oppbygging ved sjukehuset der du samlar dei, men ein nedbygging av tilbodet ved andre sjukehus i resten av landet.

– Svært synd at vi ikkje har eit endometriosesenter

Kvinneklinikken ved Oslo universitetssykehus (OUS) har tidlegare søkt om status som Flerregional Behandlingstjeneste i samarbeid med Haukeland Universitetssykehus, og som Nasjonal Behandlingstjeneste. Men søknadene har ikkje ført fram.

– Vi synest det er svært synd at det ikkje har latt seg gjere å etablere eit endometriosesenter i Noreg, skriv Kvinneklinikken til NRK.

Brevet er signert Signert Marit Lieng (klinikkleiar), Guri Bårdstu Majak (seksjonsleiar gynekologisk avdeling) og Kirsten Hald (forskings- og utviklingsleiar).

Dei legg til:

– Ei fleirregional teneste kan vere ein mogelegheit, men sidan berre ei mindre gruppe kvinner har den mest avanserte forma av tilstanden, er det behov for å samle den operative erfaringa og samarbeidet i tverrfaglege team på éin stad for at resultatet skal bli godt.

Etterlyser sterkare politisk styring

Elisabeth Raasholm Larby er leiar i Endometrioseforeningen. Ho etterlyser sterkare politisk styring:

– Noreg ligg ganske langt bak. Det skuldast fleire ting, men dette er politikk og politikarane må kome på banen, seier ho.

Elisabeth Swärd i Norske Kvinners Sanitetsforening sluttar seg til.

– Når ikkje fagfolk blir einige, må politikarane rydde opp, seier ho.

Ho legg til:

– No er det fagleg splid, og det er kvinnene som taper.

Elisabeth Raasholm Larby

KRITISK: Elisabeth Raasholm Larby, leiar i Endometrioseforeningen, meiner Noreg ligg langt bak nabolanda når det kjem til behandlingstilbod for endometriose-pasientar.

Foto: Privat

Spelar ballen tilbake

Helse- og omsorgsdepartementet seier til NRK at «det er opp til leiinga i helseregionane å avklare dette».

– Det er dei medisinske fagmiljøa som best kan vurdere kva for ei behandling som skal givast, og kva for sjukehus som bør utføre dei mest kompliserte kirurgiske inngrepa, seier statssekretær Anne Grethe Erlandsen.

Ho legg til at ein eventuell søknad om å etablere ei nasjonal eller fleirregional behandlingsteneste for endometriose vil vurderast av Helsedirektoratet.

– Vi har ikkje mottatt søknad om etablering av ei slik teneste for endometriose, seier kommunikasjonsrådgivar Thomas Berg på vegner av fagavdelinga i direktoratet.

Endometriose
Illustrasjon: Ane Løvereide