Hopp til innhold

Spiss reiser frå Sogndal

Valtter Laaksonen er ferdig i Sogndal Fotball.

Valtter Laaksonen

Etter 35 obligatoriske kampar og sju mål for Sogndal, reiser Valtter Laaksonen frå saftbygda.

Foto: Sander Heggheim

Kommande sesong blir den finske spissen å finne i toppklubben VPS Vaasa i heimlandet. Bakgrunnen er ifølgje Sogndal Fotball sine heimesider ei totalvurdering der vidare utdanning og familiesituasjon spelte inn.

- Samstundes som moglegheit for spel i den finske toppdivisjonen vart utslagsgjevande for Valtter.

Måltjuv på førsesongen

25-åringen kom i 2008 frå Inter Turku til Sogndal. Finnen fekk 35 obligatoriske kampar og sju mål i Sogndal-trøya.

Laaksonen storpelte før fjorårets sesong med ti mål på like mange treningskampar. Men i 1. divisjon gjekk det tyngre.. Etter berre tre mål på 16 cup- og seriekampar vart han leigd ut til divisjonskollega Stavanger. Der vart det 12 kampar og fire mål.

Finnen har i vinter spelt i alle Sogndal sine treningskampar.