Hopp til innhold

Spesialeininga etterforskar dødsfall til 13-åring – to tilsette i politiet er mistenkt

Ei 13 år gamal jente døydde i april, medan ho var i barnevernet si omsorg. To personar tilsett i politiet skal i avhøyr.

Bergen politistasjon
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

To personar ved operasjonssentralen i politiet skal i avhøyr etter at ei 13 år gamal jente døydde under barnevernet si omsorg.

Det var Bergensavisen som først omtalte saka.

13-åringen vart funnen død i Leirvik på Stord rundt midnatt til 30. april. På det tidspunktet var ho sakna frå ein barnevernsinstitusjon i Bergen, der dei tilsette varsla politiet.

Trass i fleire telefonar der institusjonen var uroa for jenta, sette ikkje politiet i gang operative tiltak.

Les også Jente i barnevernets omsorg døde – starter gransking av politi og barnevernet

Bergen politistasjon

Etterforskar reiserute

Dei to som no har status som mistenkt i saka, er ansvarlege ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Thomas Arntsen, Spesialenheten for politisaker

HAR INNHENTA MATERIALE OG SKAL GJERE AVHØYR: Thomas Arntsen er påtaleansvarleg i Spesialeininga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Thomas Arntsen er påtalefagleg etterforskningsleiar i Spesialeininga for politisaker, seier at denne typen saker vert etterforska som tjenestefeil i straffelova.

Spesialeininga har teke imot mykje materiale frå Vest og Sørvest og politidistrikt.

– Det sentrale for vår etterforsking er dei vurderingane som vart gjort av politiet den kvelden, seier Arntsen til NRK.

– Kor mykje veit de så langt om hendinga?

– Me har ikkje full oversikt og gått gjennom alt materiale, men hovudtrekka er godt kjend.

Politiadvokat Maren Sagvaag Retland i Sør-Vest politidistrikt seier dei etterforskar dei faktiske forholda i saka.

– Me kartlegg vidare kva som har skjedd den aktuelle kvelden, kven som har vore kontaktpunkt, og korleis ho kom seg frå Bergen til Stord, seier Retland.

Får status som mistenkt

Det er om lag to timar køyretur mellom desse to byane, inkludert ein ferjetur.

– Ein del av etterforskinga er å finna ut korleis ho reiste. Me har ikkje klart å verifisera om ho reiste med offentleg eller privat transport, fortel Retland.

Etterforskingsleiar Arntsen seier at dei to som har status som mistenkt, ikkje får konsekvensar frå Spesialeininga si side.

– Status som mistenkt er noko som blir gjeve fordi desse personane har vore med i saka. Då er det naturleg at dei får status som mistenkt, med dei rettane det medfører, seier Arntsen.