Sperrar av område etter at jordskred tok naust

Eit hundre meter breitt jordskred raska med seg eit naust og ei stor tomt. No har politiet sperra av området i Fresvik i Sogn.

Naust tatt av ras i Fresvik i Sogn.

FANN NAUST I FJORDEN: Elevar frå Fresvik skule var ute for å sjå korleis ekstremvêret «Elsa» hadde herja. Då såg dei dette naustet ligge og flyte i fjorden.

Foto: Fresvik skule

– I samråd med Vik kommune har vi no oppretta ei sikringssone på 20 meter rundt rasområdet, seier politisjef i Vik kommune, Ove Andersen, til NRK.

I samråd med kommunen og geolog, ber dei no folk halde seg unna skredområdet og for all del ikkje krysse sperringane rundt staden.

Til Bergens Tidende seier Andersen dei beslutta å sperre av området i tilfelle det rasar ut meir skredmassar.

Fann naust flytande i fjorden

Innanfor sikringssona ligg tre fritidsbustadar og fleire naust, men det bur ikkje folk fast der skredet har gått.

Til Sogn Avis fortel lærar Anette Refsdal at dei hadde med elevane ut for å sjå på konsekvensane av «Elsa» tysdag.

– Vi var på veg utover mot Badeplassen då eine eleven braut ut: – Sjao Anette, eit hus flyte i sjøen, fortel Refsdal til avisa.

Geologar er no i gang med å vurdere området og om det kan vere fare for fleire jordskred i bygda som ligg på sørsida av Sognefjorden.

Skredet gjekk natt til måndag etter ein lang periode med mykje nedbør. Sist noko liknande skjedde i Fresvik var i samband med storflaumen hausten 2014.

Geolog vurderer situasjonen

Skredet har ikkje direkte samanheng med ekstremvêret «Elsa», som råka kysten og fjordane med svært høgt tidevatn måndag kveld.

– Området er no sperra av, kommunen er i dialog med geolog og vi har også vore i kontakt med NVE som vi ønskjer bistand frå, seier teknisk sjef i Vik kommune, Ole Petter Ramberg.

Sjølve skredet er rundt 100 meter langt og 30 meter breitt. Etter hovudskredet har det gått mindre skred i området.

– Etter raset i 2014 blei det gjort ein del grunnundersøkingar i Fresvik. Desse rapportane må vi no finne fram igjen, seier Ramberg.

Naust tatt av jordskred i Fresvik.

TETT TIL HUS: Jordskredet gjekk tett inntil tre fritidsbustader i Fresvik.

Foto: Felix Kluge / Sweco