Hopp til innhold

Spelte uavgjort mot Molde

Sogndal spelte uavgjort 0 - 0 mot Molde i ein treningskamp onsdag kveld.

Sogndal fotball

Arkiv

Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

Første omgang var jamspelt med ein stor sjanse til begge lag. Andre omgang vart prega av snøstorm og kvit bane, men begge lag hadde sjansar til å avgjere. Det skriv Sogndal Fotball på sine heimesider .

Anders Stadheim hadde ein stor sjanse då han kom åleine med keeper, men vart parert.

Annulert for offside

I andre omgang vart speleforholda vanskelegare. Molde hadde ballen mest, men det var ein jamn kamp. Molde fekk eitt mål annullert for offside.

- Dette var ei fin og god gjennomkøyring for oss, der vi spelar jamt med eit tippeligalag, seier Håvard Flo til nettsida etter kampen.

Les og Til Molde for å måle seg