Hopp til innhold

Speler nettpoker i arbeidstida

Stadig fleire arbeidsgjevarar melder ifrå om tilsette som er speleavhengige. I morgon arrangerer Fjord Base i Florø eit førbyggjande kurs for sine tilsette om blant anna pengespel på internett.

Fjordbase på Botnaneset i Florø.
Foto: unknown / NRK

Danckert Danckertsen i Saga Fjordbase i Florø seier at Lotteritilsynet vil vere på kurset for å snakke om ulike typar spill, om faresignala og korleis ein sjølv kan setje i verk tiltak og hjelpe kvarandre.

Manglar kunnskap om problemet

Nettpoker.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk, AKAN, har gjort undersøkingar av gambling i arbeidstida. Sosiolog Kristin Buvik seier nettpoker og nettspel generelt er eit aukande problem i arbeidslivet.

- Vi har sett at det er mange som spelar i arbeidstida, og at det går ut over jobben.

Buvik er nøgd med at Saga Fjordbase no går føre som eit godt eksempel og tek tak i problemstillinga.

- Vi opplever at alle dei bedriftene som får tilsette med speleproblem, har lite kunnskap om problematikken. Så det er eit stort kunnskapsbehov, seier ho.

Speler seg frå gard og grunn

Jon Sivertsen i Norsk Transportarbeidarforbund stadfestar at dei har fått fleire meldingar om pokerspeling i arbeidstida det siste året. Han seier at spelegalskapen går hardt utover dei dei det gjeld og deira næraste.

- Det er såpass tragisk at dei ikkje lenger har verdiar att i huset til å betale spelegjelda. Og det fører til at familiar går i oppløysing, seier han.

Dankertsen ved Fjord Base håpar det førebyggjande arbeidet vil hjelpe.