Spelarflukt etter klubb-krangel: – Ei sak med berre taparar

Konflikten mellom kaptein Jannike Orrestad Andersen og klubbleiinga førte til at ho valde å forlate Kaupanger etter enda sesong i fjor. No følgjer fleire spelarar med på lasset.

Tea Berteig

FERDIG: Tea Berteig og fleire av dei mest rutinerte spelarane på Kaupanger har valt å gje seg i klubben etter at dei rykka ned til 2. divisjon førre haust.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg er spent på framtida til Kaupanger, seier mangeårig spelar Tea Berteig. Ho er ei av fleire rutinerte spelarar på laget som no vel å gje seg for den beste fotballklubben for kvinner i Sogn og Fjordane.

For etter mykje utanomsportsleg bråk, og usemje om korleis klubben skal ta seg opp igjen til 1. divisjon, rann til slutt begeret over.

Fem spelarar har valt å gje seg og fleire spelarar er i tenkjeboksen.

Fekk pressenekt

Utfordringane har komme på rekke og rad for Kaupanger, som i fjor haust rykka ned til 2. divisjon. Styreleiar Trine Lerum Hjellhaug gjekk mellom anna ut meinte at klubben treng eit tettare samarbeid med Sogndal for å forsvarleg kunne drifte ei toppsatsing vidare.

Blant dei som også var kritisk til Kaupanger si framtid, var dåverande kaptein Jannike Orrestad Andersen, som lufta sine tankar i eit intervju med Sogn Avis. Intervjuet resulterte i pressenekt og eit ultimatum frå klubben, som enda opp med at ho valde å gje seg.

– Det heile er rett og slett trist, sa ho då.

Leiaren trakk seg

I etterkant av hendingane valde dåverande leiar for damelaget, Stian Frøiland, å trekkje seg, og styret gjekk og beklaga behandlinga av Nilsen. Likevel ønskjer no fleire spelarar å gje seg i klubben.

Blant desse er rutinerte Tea Berteig, som har lang fartstid i klubben. For ho har det vore vanskeleg å leggje bak seg alt bråket i klubben den siste tida.

– Det er klart ein er prega av det som har skjedd. Som lagveninne og kauping påverka Jannike-saka meg mykje. Det var ei sak med berre taparar, seier ho.

Berteig er klar på at det var ei samla vurdering av totalbelastninga av å vere med på satsingsklubben som gjer at ho no vil trappe ned, og ikkje Jannike-saka åleine.

– Må ønskje å vere her

Talsmann Rune Henjesand for damelaget til Kaupanger bekreftar at fem spelarar allereie har gitt beskjed om at dei har gitt seg på laget. Han ønskjer likevel ikkje å spekulere i kvifor.

– Dei som ikkje vil vere med, er ikkje i fokus for oss no. Me må jobbe med dei spelarane me har.

– Har det noko med Jannike-saka å gjere?

– Eg har ikkje vore inne i den prosessen så det kan eg ikkje seie noko om.

Henjesand trur likevel at spelargruppa so meir att, er svoltne på å gripe sjansen når dei får han. Han ser lyst på sesongen.

– Me har fått tilsett ein trenar på heiltid, som skal byggje eit godt utviklingsmiljø for gruppa. Elles har me spelarar på hospitering som me ser på for eventuelt overgang, seier han.