Hopp til innhold

Tre fotballspelarar kan bli utviste frå Noreg – nytt styre skal rydda opp

Onsdag ettermiddag trekte heile styret seg. Under årsmøtet seinare på kvelden gjekk halvparten av dei frammøtte i protest.

Bremnes IL møte

Tre brasilianske spelarar i Bremnes IL kan bli utviste frå Noreg. Under eit medlemsmøte i ettermiddag trekte heile styret seg.

Foto: Leif Rune Løland

Det kokar rundt idrettslaget på Bømlo. Før helga fekk to trenarar på A-laget sparken.

Tysdag kom politiet og beslagla passet til tre utanlandske spelarar. Like før kampen mot Brann 2, skal to spelarar ha blitt henta av politiet. Spørsmålet er om dei må ha arbeidsløyve for å spela fotball i tredjedivisjon.

Dei to oppsagde fotballtrenarane dukka opp på kampen. Ein av dei sat på reservebenken.

Heile styret i Bremnes IL trekte seg på medlemsmøtet onsdag kveld. Dei står fast ved at å seia opp trenarane var det rette å gjera.

På sakslista til det ekstraordinære årsmøtet seinare på kvelden stod val av nytt styre.

Eit stykke ut i møtet forlét om lag halvparten av årsmøtet møtelokalet i protest. Det skjedde etter at Nils Blikra tok ordet og sa han ikkje hadde tillit til at det som blei gjort var bra for idrettslaget. Det skriv BT.

– Eg trur dette vil medføra at bygda splittar seg, seier Blikra. Han fortel at han valde å forlata møtet fordi valet av det nye styret verka å vera eit kupp.

Under årsmøtet vart det til slutt valt eit nytt interimsstyre. Ny styreleiar vart Vivian Berntsen Kvarven. Ho seier at dersom nokon føler møtet vart kuppa, så kunne dei stilt motkandidatar.

– No må me setja oss ned i ro og mak og få knytt saman nokre trådar. Me må sjå på kva som har skjedd i klubben og ta det derfrå, seier ho onsdag kveld.

Ho understrekar at det er viktig at ingen blir dømde før politiet er ferdige med sitt arbeid.

Er trenarane framleis oppsagde?

– Det må me ta stilling til no. Me må sjå på grunnlaget for at dei fekk sparken, seier Kvarven.

Det nye styret skal etter planen sitja i tre veker. Då blir det eit nytt ekstraordinært årsmøte.

Trekte seg under medlemsmøtet

Svært mange møtte opp til både medlemsmøtet og årsmøtet, fortalde NRK sin reporter på staden.

Den oppsagde trenaren Geirmund Brendesæter var ein av dei frammøtte.

Geirmund Brendesæter, Bremnes IL

Geirmund Brendesæter fekk sparken som A-lagstrenar før helga. I dag var han på medlemsmøtet.

Foto: Leif Rune Løland

– Det er eit engasjement som er vekka i bygda. Det trur eg er ein styrke for idrettslaget.

Han peikar på at eit idrettslag blir styrt av medlemmane.

– Eg trur det blir ein god kveld for idrettslaget, sa han før medlemsmøtet.

Om dei brasilianske spelarane seier han at dei er medlemmar i Bremnes idrettslag, slik som alle andre på medlemsmøtet.

– Det er ikkje forskjell på dei og andre her.

Har oppretta utvisingssak

– Me har oppretta utvisingssak for tre utanlandske spelarar på Bremnes IL. Det skal vurderast om det er krav om arbeidsløyve når dei spelar for laget.

Det seier politiadvokat Kristoffer Buchholz Johannessen i Sør-Vest politidistrikt til NRK onsdag føremiddag.

Bremnes IL sitt A-lag før heimekamp mot Brann 2 10. mai 2022

A-laget til Bremnes IL tapte mot Brann 2 tysdag kveld. Før kampen henta politiet to av spelarane inn til avhøyr og tok frå dei passa.

Foto: Eirik Strømme Spjeld / Avisa Sunnhordland

Han stadfestar at politiet tok kontakt med idrettslaget, og at politiet hadde ein samtale med spelarane tysdag. Politiet beslagla passet til dei tre, fram til saka er avgjort.

Det er Utlendingsdirektoratet som skal behandla saka vidare.

– Me reknar med at det blir ei ganske rask avgjerd, seier politiadvokaten.

Han slår fast at saka er veldig spesiell for politiet.

– Eg kjenner ikkje til at det har vore liknande saker her i landet, seier Johannessen.

Meinte det var naudsynt

Advokat Christoffer A. Falkeid representerer idrettslaget. Han jobbar både med arbeidstvisten og med politiet si etterforsking av straffbare forhold rundt A-laget. Han svarte NRK i ein e-post onsdag føremiddag. Etterpå har styret trekt seg og eit nytt, mellombels styre er valt.

Falkeid understreka at det gamle hovudstyret ikkje har høve til å utdjupa kva som ligg bak handteringa, fordi det no er ei politisak.

– Politiet har ikkje søkelys verken mot hovudstyret eller dagleg leiar i denne saka. Dette er viktig å understreka, skreiv han.

Han skreiv vidare at oppseiinga av trenarane ikkje var noko hovudstyret tok lett på.

– Dei gjorde ikkje dette på gøy, men fordi dei fann det naudsynt med omsyn til idrettslaget sine verdiar.

Leiar Kvarven fortel at det nye styret skal møtast torsdag for å samla trådane og skaffa seg oversyn.

– Me veit ingenting. Me er valde inn fordi me må ha eit nytt styre. Me får ta ein for laget og prøva å finna ut av dette, og så får me håpa det ikkje er så gale som alle skriv om.

Ho peikar på at det står mange kjensler på spel i bygda.

– No er det viktig å verna om idrettslaget, spelargruppa og dei tre spelarane, og at me får på plass eit nytt styre, seier ho.

Les også Dramatisk i 3. divisjon: Trenarar dukka opp mot klubben sin vilje – politiet kopla inn

Bremnes IL sitt A-lag før heimekamp mot Brann 2 10. mai 2022