
Ole Hjelmhaug
- Skal Stig Nord lukkast i Sogndal, må spelarane jobbe hardare enn dei siste sesongane, og faktisk innsjå realiteten i fotballkvardagen i 1. divisjon på ein heilt annan måte enn tilfellet har vore i år. Eg trur at om vi jobbar hardare så får vi betre resultat, seier Hjelmhaug.
- Har mangla glød og vilje
Han vil ikkje vere med på at Sogndal-spelarane ikkje har vore godt nok trent, men vi mangla ein del på glød og vilje til å vinne fotballkampar. Vi kan sikkert bli betre på den fysiske biten og, det er vi alt i gang med, seier Ole Hjelmhaug.
- Nord veit kva det handlar om
Han er ikkje redd fordi Stig Nord ikkje har erfaring som trenar på høgare nivå enn 2. divisjon. - Han sit inne med mykje fotballkunnskap og har vore med i gamet i ein del år, og han spelte ti år i Sogndal, så han veit kva det handlar om. Det han kanskje ikkje er vant til er mediekøyret når resultata uteblir, og det må han takla, seier Hjelmhaug.
- Vitamininnsprøyting
Han trur det kan gje spelarane ei vitamninnsprøyting at Sogndal no har fått ny sportsleg leiar i Anders Giske og ny trenar i Stig Nord. - Eg håpar og trur at vi no jobbar på den rette måten og at vi snart er oppe blant dei beste att, seier talsmannen for spelargruppa i Sogndal Fotball.