Hopp til innhold

Spelar mot Tromsdalen på tysdag

1. divisjonsoppgjeret mellom Tromsdalen og Sogndal er utsett til tysdag.

Årsaka er at Sogndal grunna flytekniske problem ikkje kom seg til Tromsø laurdag.

Sportsleg leiar i Sogndal, Anders Giske, seier at det var tekniske problem med Widerøe sitt fly frå Haukåsen til Oslo laurdag morgon, som sette ein stoppar for kampen.