Etter ni dagar på landsleir var Kristin Urskog Lundbakk og dei 20 andre speidarane rimelege klare for heimreise laurdag.
Men vegen heim frå Sandnes til Bodø med Widerøe viste seg å vera langt frå enkel.
Då flyet frå Stavanger vart forsinka mista dei neste fly frå Bergen.
Beskjeden i skranken var alt anna enn roande.
– Me fekk beskjed om at neste ledige fly var på fredag. Altså nesten ei veke seinare, fortel Lundbakk.
Kristin Urskog Lundbakk er speidarleiar for seks av borna som no ikkje kjem seg heim. Både ho og borna er slitne etter ei veke på leir.
Foto: Brynjar Osgjerd / NRKFår ikkje reise heim til jobb og feire
I reisefølgje er det seks vaksne og 14 barn frå ti år og oppover.
Ingen foreldre er med på turen, som gjorde beskjeden ekstra vanskeleg for dei minste.
– Dei prøvde å ta det med eit smil, men det er klart det var mykje skuffelse. Mange var og er leie seg, fortel Lundbakk som er speidarleiar for seks av borna.
Ho meiner det er heilt uhaldbart dei må vente i seks dagar før dei får kome på neste fly.
– Borna får ikkje reist heim til familien eller blitt med på ferie. Eg og fleire skal på jobb. Me får ikkje gjort noko som helst.
Speidarane sit i resepsjonen på flyplasshotellet.
Foto: Brynjar Osgjerd / NRKDet var Avisa Nordland som først skreiv om saka.
Fortvila foreldre
Heime i Valnesfjorden utanfor Bodø sit Jens Kyed og fortvilar. To av døtrene hans er i speidargruppa som er stranda i Bergen.
– Det er ganske fortvilandes. Det er horribelt at Widerøe tenkjer det er greitt å la dei vente så lenge på neste fly.
Fembarnsfaren fortel at han er bekymra for borna, sjølv om han veit dei blir tatt godt vare på av speidarleiarane.
No vurderer kona, som tilfeldigvis er i Stavanger, å reise opp til døtrene for å vera saman med dei.
– Men då mistar ho si eige flyreise heim. Det er vanskeleg. Me håpar verkeleg Widerøe kjem med ei betre løysing.
Widerøe: – Berre å beklage
Catharina Solli er kommunikasjonssjef for Widerøe. Ho beklagar sterkt for at reisefølgje ikkje har fått tilbod om heimreise tidlegare.
Likevel kan ho ikkje love ei anna løysing med det første.
– Det er midt i fellesferien i tillegg til ein streik som gjere at veldig mange fly på same eller liknande strekningar er kansellerte. Det er rett og slett stappfullt på alle fly, seier ho.
Ho forklarar at det difor ikkje er lett å finne plass til så mange passasjerar på andre fly. Det er heller ikkje ledige fly å tilby som ekstraflyvning.
Catharina Solli i Widerøe seier dei dekker kost og losji dei dagane speidargruppa er i Bergen.
Foto: Einar Aslaksen / Einar AslaksenKristin Urskog Lundbakk håpar likevel at dei får beskjed om ei betre løysing snart, slik at dei slepp å vera i Bergen ei heil veke.
– Me er slitne. Nokre av oss har ikkje reint undertøy ein gong. Me vil berre heim, seier ho.