Hopp til innhold

Mann skadd i speedgliderulykke

Ein 30 år gamal tysk mann er sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter ei speedgliderulukke i Loen.

Paragliderulykke i Loen

SKADD: Mannen er teken med til sjukehuset i Bergen.

Foto: Roger Vik / NRK

Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt seier at det var under ei landing at mannen gjekk hardt i bakken.

– Vi veit ikkje meir om skadeomfanget, sa han like etter ulukka.

Etterpå har det vist seg at skadane skal vere i ryggen. Helse Bergen meldte klokka 16.30 torsdag ettermiddag at den 30 år gamle mannen er alvorleg skadd.

Paragliderulykke i Loen

ULYKKE: Helsepersonell er på staden der mannen landa.

Foto: Roger Vik

Både politiet, ambulanse og luftambulanse rykte ut til staden. Ifølgje politiet på staden var mannen bevisst då dei kom fram.

– Vi har snakka med augevitne som fortel at skjermen har løyst ut, seier politibetjent Vidar Davik.

Politiet har nok teke hand om hjelmkameraet til mannen, og det blir no gjort undersøkingar.

– To tyske speedglider-førarar hoppa ut frå Hoven, og i samanheng med landing gjekk den eine for hardt i bakken, seier politioverbetjent i Stryn, Lasse Trosdal.

Politiet har snakka med han som hoppa i lag med den skadde og sett på videoen frå hjelmkameraet hans. Det var ikkje feil med utstyret og politiet vil ikkje etterforske saka vidare, då dei veit kva som skal ha skjedd.

Loen