Hopp til innhold

Speedglider-pilot alvorleg skadd etter styrt ved Ulriken

Ein 26 år gammal mann er alvorleg skadd etter at han styrta med ein speedglider 150 meter under toppen av fjellet.

Ulriksbanen

Helse Bergen opplyste om helsetilstanden hans i ei pressemelding klokka 18.40.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.53.

Politiet melde først at det var ein paraglider-pilot som hadde styrta, men ifølge paraglidermiljøet på staden dreier det seg om ein såkalla speedglider – ein slags liten paraglider som flyr mykje raskare og ofte nærare terrenget.

Henta av luftambulanse

Mannen vart frakta til akuttmottaket på Haukeland Universitetssjukehus like ved.

Ei bratt-lendegruppe frå Fana brannstasjon var på veg til staden, men snudde då luftambulansen klarte å henta den skadde klokka 17.11, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Ulukkesårsaka ikkje kjend

Ifølge vitne skal styrten ha skjedd omlag 150 meter under toppen i vestleg retning ned mot Bergen sentrum.

Det var gode flytilhøve og mange paragliderar i lufta både før og etter ulukka skjedde i dag.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend.