Sparka og slått i Bergen sentrum

Politiet i Bergen har fått melding om ein mann som uprovosert blei slått ned og sparka medan han låg nede i området rundt Kong Oscars gate og domkirka i Bergen. Dette hendte om lag 05:30. Mannen er på legevakta og politiet har kontakt med han.