Hopp til innhold

Sparka i gong Førdefestivalen med tur og tonar

MOVIKA (NRK): Førdefestivalen starta allereie i går for dei yngste festivaldeltakarane. Dei gjekk tur, såg førestilling og fekk konsert på morgonkvisten i dag.

Konsert i Movika
Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Barnas Turlag og Førdefestivalen har for fyrste gong gått saman og arrangert overnattingstur og konsert. Dette for å feire friluftsåret, samt å tjuvstarte Førdefestivalen, som har opningskonsert i kveld.

– Det var spennande å sove i lavvo og veldig kjekt med konsert, fortel Aurora Steinarsdotter Årdal.

Har kome langvegs frå

Turen gjekk til stølen der borna åt frukt og kosa seg før dei gjekk ned til Movika igjen og grilla. Borna og dei vaksne overnatta i telt og lavvo på museumsområdet. I går kveld fekk dei sjå, samt ta del i ei førestilling av Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting.

Kjersti Mjelva og Mina Mjelva-Andersen har reist frå Tromsø og Lofoten for å vere med på overnattingsturen og resten av Førdefestivalen.

– Vi brukte heile dagen i går på å reise og har teke tre fly for å kome oss hit. Vi skal vere med på heile festivalen og det ser vi fram til, seier Mjelva.

Mjelva og barnebarnet Mina skal kombinere Førdefestivalen med andre opplevingar i Førde.

– Vi skal på opningskonserten, ei danseframsyning og det vietnamesiske vassdukketeateret, også må vi gjere litt andre ting, så det blir ein tur for å bade litt, fortel ho.

– Heilt magisk

Festivaldirektør Hilde Bjørkum hadde også teke turen til Movika for å få meg seg dagens konsert med Synnøve Bjørset og Elin Grytting.

– Det er fantastisk flott å sparke i gong festivalen for dei små i slik natur. Ut på tur, aldri sur, seier Bjørkum.

Statssekretær i kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvåg er allereie i festivalstemning.

– Det er heilt magisk å sjå korleis natur og kultur møtast. Det er utruleg flott at ein innvia dei unge i kulturtradisjonane, seier han.