Tidlegare har kvar enkelt skule hatt sin eigen datatenar, men etter at omlag heile Luster kommune har fått tilgang til breiband, er kvardagen blitt ein annan.
- Det er billegare å vedlikehalde ein stor server enn ti små, seier Kjørsvik.
Lik undervisning
I tillegg til sparte pengar er skulesjefen også oppteken av at 750 elevar fordelt på ti skular no kan få lik undervisning i data.
Luster er første kommune i fylket med ei slik felles dataløysing for skulane.