Det har styra i dei to bankane tilrådd. Banken i Dale blir senter i den nye bankregionen med kontor i Askvoll, Hyllestad, Gulen og Solund.
Ingen oppseiingar
Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å vidareutvikle og auke verksemda til Fjaler Sparebank og vil vidareutvikle banken i Dale til eit full-skala finanshus.
Det vil ikkje bli oppseiingar som følgje av samanslåinga, står det i børsmeldinga.
Ny giv rundt Dalsfjorden
Ifølgje ei pressemelding skjer samanslåinga på eit tidspunkt der Fjaler Sparebank leverer eit av sine aller beste økonomiske resultat.
- Det er dermed ein solid og veldriven bank som kunne drive vidare som før, seier banksjef Ingar Valvik.
Valvik seier at når dei likevel arbeider for fusjon med den største banken i fylket, er det for å styrke posisjonen som bankane i fellesskap har i Dalsfjordregionen.
- Med bygging av Dalsfjordbrua og industriutvikling på Lutelandet står vi framfor ein ny giv og ei ny tid i dette området
- Kinderegg i Fjaler
Valvik seier at det er mange fordelare med bankfusjonen.
- Vi trur ein fusjon med Sparebanken Sogn og Fjordane er som eit kinderegg for oss om forstandarskapet seier ja til planane. Vi får ein sterkare bankaktør i kommunen, ikkje minst mot næringslivet, vi opprettheld arbeidsplassane og vi kan støtte lags- og kulturlivet med større summar enn før.
Kapitalen blir i Fjaler
Ein eventuell fusjon vil føre til at Sparebanken Sogn og Fjordane tek over bankdrifta i Fjaler for 128,8 millionar kroner. Banken får oppgjer i form av eigenkapitalbevis verd 106,5 millionar kroner og kontantar for 22,4 millionar kroner som blir plassert i ei nyoppretta sparebankstifting i Fjaler. På denne måten blir den oppsparte bankkapitalen verande på lokale hender.
Til idrett, kultur og organisasjonar
Stiftinga som får namnet Sparebankstiftinga Fjaler får to hovudoppgåver. Den skal ta over rolla til banken med utdeling av gåver til allmennyttige formål som til dømes idrett og kultur, og blir dessutan ein minoritetseigar i Sparebanken Sogn og Fjordane via ordninga med eigenkapitalbevis.
I alt skal stiftinga forvalte om lag 130 millionar kroner og ta mot årlege utbytte på eigenkapitalbevisa.
Ja frå dei tilsette
Fusjonsplanen, som styra for dei to bankane inviterer forstandarskapa til å vedta, sikrar arbeidsplassane til Fjaler Sparebank både i Dale og Bergen.
- Tilsette i Fjaler Sparebank imøteser ein fusjon med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette vil gjere banken til ein sterkare utviklingsaktør i regionen og gje oss tilsette tilgang til eit større kompetansemiljø, seier hovudtillitsvald Jarle Nedrebø i Fjaler Sparebank.
Som hand i hanske
Administrerande direktør Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane er seier han er glad for å få Fjaler Sparebank med på laget.
- Banken passar som hand i hanske med våre kontor både i HAFS-området og Bergen. Dessutan er det ein veldriven bank med dyktige medarbeidarar, seier han.
75 000 personkundar
Det er forstandarskapa i dei to bankane som endeleg avgjer den planlagde fusjonen den 12. mars . Deretter går saka vidare til Finanstilsynet.
Både Valvik og Andenæs reknar med at først ut på hausten kan den historiske bankfusjonen vere ein realitet. Etter ein eventuell fusjon med Fjaler Sparebank vil Sparebanken Sogn og Fjordane ha 75 000 personkundar, 9000 bedriftskundar og vel 45 prosent av bankmarknaden i fylket.