Spår overskot på nær ein halv milliard for Fjord1

Nye prognosar frå Fjord1 spår overskot på nær ein halv milliard kroner innan tre år. Dét kan føre til ein kraftig verdiauke.

MF Selje på veg inn til kai på Hella

GÅR SÅ DET SUSAR: Fjord1 ligg an til å gjere gode pengar i åra som kjem. Her er ferja MF Selje på veg inn til kai på Hella.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det samla utbytet for fylkeskommunen dei komande fire åra vil bli på over 300 millionar kroner.

Ein av føresetnadene for prognosane er at selskapet får anboda på to gassferjesamband på Sørvestlandet. I november skal fylkespolitikarane avgjere om eigarposten i ferjeselskapet på 59 prosent skal seljast.

Det er fylkesordførar Jenny Følling (Sp) nøgd med.

– Det er veldig kjekt at eit selskap som fylkeskommunen eig, går godt. Det tykkjer eg er flott, seier Følling.

Fylkestinget avgjer eit eventuelt sal i november

Det var i ein presentasjon Fjord1 la fram for fylkespolitikarane for nokre veker sidan at dei oppsiktsvekkjande prognosane om langt større overskot enn venta vart lagde fram.

Dette bidrog til at spørsmålet om fylkeskommunen skulle selje eigarposten sin i Fjord1 eller ikkje, vart utsett.

Saka skal i staden avgjerast av det nye fylkestinget i november. Følling seier prognosane påverkar salet.

– Dei prognosane påverkar sjølvsagt verdien i selskapet, i tillegg til utbytet i selskapet. Dette har i høgste grad betydning for vår sak, seier Følling.

Har gjort ein stor snuoperasjon

Ein føresetnad for at dei gode prognosane skal slå til er, at Fjord1 i 2017 og 2018 vinn to gassferjeanbod på sørvestlandet. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, har stor tru på at ferjeselskapet med hovudkontor i Florø skal vinne anboda. Framtida ser lys ut, seier han.

– Selskapet har snudd seg, rammevilkår har endra seg og vi har kontrahert ein god del nye anbod med nye og betre vilkår. I tillegg har vi gjort ein betydeleg snuoperasjon i selskapet dei to-tre siste åra, seier Neteland.

Er snakk om store summar

Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i fylkestinget, meiner den nye informasjonen frå Fjord1 er svært viktig.

Slår Fjord1 sine prognosar til, vil Sogn og Fjordane fylkeskommune få utbetalt om lag 310 millionar kroner i samla utbyte åra 2015, 2016, 2017 og 2018.

– Dette er store summar for Sogn og Fjordane fylkeskommune, og dette er flott. Dette er svært positivt, seier Følling.