Hopp til innhold

Her enda turen for dei spanske turistane – sjåføren var stuptrøytt

Dei 47 spanske bussturistane fekk god tid til å sjå på norsk natur når sjåføren deira blei nekta å køyre vidare. Statens vegvesen fryktar at trøytte sjåførar skal føre til alvorlege ulukker.

Turistar stranda på Håbakken

HOLA! Dei spanske turistane måtte fint vente på ny sjåfør på Håbakken i Lærdal i helga. Sjåføren deira hadde køyrd altfor mykje.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Turistbussen vart vinka inn under ein trafikkontroll ved Håbakken i Lærdal i helga. Der vart føraren pålagd å kvile 45 timar for å kompensere for manglande vekekvil. I seks veker i strekk hadde han køyrd langt meir enn han hadde lov til.

– Blir sjåførane trøytte, så vil eg ikkje hatt nokon av mine med i ein slik buss. Eg vil heller ikkje den på vegen, seier Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Blei redda av lokal sjåfør

Turistane blei ståande lenge og vente på kontrollstasjonen i Lærdal, men blei etter kvart henta av eit lokalt busselskap og frakta vidare på noregsferien.

Gausdal i Statens vegvesen tykkjer svært lite om at bussjåførane blir pressa eller lar seg presse til å køyre langt meir enn det dei skal.

– Når firma har førarar som opererer seksdagarsveker, så må dei kompensere med kvile i etterkant. Denne føraren hadde køyrt slik i seks veker, og då blir det for lite vekekvil om ein ikkje kompenserer, seier Gausdal som er sjef for utekontrollen i Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal.

Blir meldt til politiet

Firmaet blir no meldt for å ikkje ha lagt til rette køyreopplegget slik at bussføraren kunne ta dei lovpålagde vekekvilane.

– Det er sunt med konkurranse, men då må dei drive på vilkåra som regelverket set. Om ikkje blir det konkurransevridande. Så er det trafikktryggleiken. Eg ville ikkje hatt nokon av mine på bussen, eller sjølv møtt den på vegen, om føraren blir trøytt, seier han.

Dei spanske turistane og guiden vart henta av eit norsk busselskap som tok dei til neste destinasjon. Turbussførarar som bryt køyre- og kviletidsreglane er ikkje noko nytt.

– Vi har høyrt det før og diverre allereie sett at tendensen er klar også i år. Vi har det under lupa og rettar spesielt fokus mot turbussar. Dette følgjer vi opp, avsluttar Gausdal.

Thormod Gausdal på kontrollstasjonen i Lærdal

LEIAR: Thormod Gausdal er Statens vegvesen sin faggruppeleiar for utekontrollen i Sogn og Fjordane.

Foto: Rune Fossum / NRK