Hopp til innhold

Sp vil tvinge Bergen til å ta kommuneoverlege inn i kriseleiing

Bemanningskrisa i Bergen er blitt så stor at Sps helsepolitiske talskvinne vil endre lova for å tvinge fram endring i organiseringa.

Stortingets spørretime, Kjersti Toppe.

ANGRAR PÅ OPPMJUKING: Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet meiner det var feil at hennar eige parti gjorde det valfritt for kommunane å bestemme om kommunelegen skal være ein del av leiinga.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Erfaringa frå Bergen viser at lova må slå fast at kommuneoverlegen skal sitte i kommuneleiinga.

Det seier Senterpartiets helsepolitiske talsperson, Kjersti Toppe.

Ho meiner at bråket i byrådavdeling for helse i Bergen den siste tida viser at hennar eige parti gjorde ein feil då folkehelselova vart vedteken under Stoltenberg-regjeringa i 2011.

Eit spørsmål då var om det skulle vere opp til kvar enkelt kommune kor kommunelegen skulle bli plassert i hierarkiet.

Dei landa på at kommunane her skulle stå fritt til å plassere kommunelegane der dei ville i administasjonen, fordi kommuane er forskjellige, ifølgje Toppe.

No angrar ho.

– Erfaringa viser at oppmjukinga i 2011 var feil. Det er ikkje ubetydeleg når det raknar så fullstendig i ein så stor kommune. Det er ganske alvorleg at det midt i ei krise blir diskusjon om organiseringa, seier Toppe.

Ber om lovendring

Også for ni år sidan presiserte helse- og omsorgsdepartementet følgande tilråding:

«Erfaringen er imidlertid at det synes som om kommunelegen fungerer godt i forhold til slike oppgaver ved en plassering i tilknytning til rådmannens stab.»

No meiner altså Toppe at dette bør bli nedfelt i folkehelselova, for å klargjere rolla til kommuneoverlegen.

Ho trur ei innstramming og tydeleggjering også vil gjere det meir attraktivt å søke på stillingar som kommunelegar landet rundt.

– Mange stadar er det problem med å rekruttere kommunelegar. Eg trur rolla deira må bli lagt til øvste nivå i kommunen, seier Toppe.

– Kva med kommunar der det måtte fungere bra å ha kommunelegen lågare i hierarkiet?

– Der kan ein heller gjere unntak, til dømes der kommunar har samarbeid om kommunelegestillinga.

Skal det bli aktuelt med ei lovendring, må Toppe i første omgang få med seg si eiga stortingsgruppe på å fremje eit forslag om dette.

Brita Øygard

MIDLERTIDIG: Etatsdirektør Brita Øygard fungerer midlertidig som kommuneoverlege i Bergen fram til kommunen har klart å fylle stillingane som no står tomme.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Legeforeininga er samde

Også Legeforeininga meiner det er naturleg at kommunelegen sit i kriseleiinga.

I eit svar til NRK grunngjer kommunikasjonssjef Knut Braaten dette med ansvaret som smittevernlova legg på kommunelegane.

«Legeforeninga har vanskeleg for å sjå at kommunelegen får utført sine lovpålagde oppgåver, dersom kommunelegen ikkje sit i kriseleiinga», skriv Bråten.

Ifølge smittevernlova §7-2 skal kommunelegen både «organisere og leie helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med vern mot smitsomme sjukdommar i kommunane».

KS vil ha organisasjonsfridom

Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon i Norge (KS) er skeptisk til ei innstramming.

Helge Eide, områdedirektør for interessepolitikk, peiker på at diskusjonen i 2011 var kor vidt ein skulle lovfeste om kommunelege skulle bli plassert i staben til rådmannen eller i andre sektorar.

– Ein bør vere forsiktig med å foreslå lovreguleringar som gjeld heile Kommune-Noreg basert på ei enkelterfaring, som i Bergen, seier Eide.

Samstundes er han open for kva diskusjonar som måtte komme i kjølvatnet av rapporten koronakommisjonen skal komme med til våren.

Eide understrekar at KS ønskjer organisasjonsfridom for kvar kommune.

– Vårt generelle utgangspunkt er at den enkelte kommune er best skikak til å bestemme si organisering, framfor å få ei forskrift frå departementet, seier han.

Utelukkar ikkje tilsyn

Før helga varsla fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, at det kan bli aktuelt for fylkemannen å opne tilsyn dersom bemanningskrisa gjer at kommunen ikkje klarer å løyse sine lovpålagde oppgåver.

– Vi forventar at kommunen klarer å få på plass det dei må ha av helsefagleg, medisinsk kompetanse i den situasjonen dei er i no, sa Arianson til NRK fredag.