Feil fokus
Hadde Regjeringa vore mindre opptekne av skattelette, så hadde kommunane unngått store kutt i tenestetilbodet, meiner Olsen.
– Fokuset på skattelette gjer at born, ungdom, eldre og sjuke skal betale for at rike folk skal ha endå meir å rutte med. For å sette det litt på spissen; gamle skulebøker og dårleg ventilasjon på skulane er betalinga for at dei rike skal få ete fleire indrefilelar, tordnar Olsen.
Må kutte lovpålagde oppgåver
Dei fleste kommunepolitikarane i Sogn og Fjordane klør seg i hovudet for å få budsjetta i balanse, og fleire må kutte lovpålagde oppgåver for å få det til å gå i hop.
I Naustdal finn ikkje politikarane fleire område å kutte i og gir difor opp med å få budsjettet i balanse, noko som er lovstridig. Men Kommunalminister Erna Solberg opnar ikkje pengesekken av den grunn.

Kommunalminister Erna Solberg
– Vi er i ein vanskeleg situasjon på grunn av høg rente og den sterke krona, som igjen skuldast høgt offentleg forbruk. Og då er vi nøydde å stramme inn økonomien, både kommunalt og statleg, slår Solberg fast.
Men Olsen synest Solberg er feig og fortel kun halve sanninga.
Ønskjer privatisering
– Ho bør sei det rett ut; det er slik Høgre-regjeringa vil ha det. Dei er for privatisering, og ønskjer at folk sjølve skal betale for alle tenestene sine. Det vil kanskje gagne enkelte i byane, men i Sogn og Fjordane vil alle bli taparar, seier Olsen.