Morten Askvik er Sp-ordførar i den vesle kystkommunen Hyllestad i ytre Sogn. Hyllestand er ein av ei rekkje utkantkommunar som vil oppleve kraftig folketalsnedgang dei komande åra.
Ifølgje prognosar frå SSB vil folketalet minke med om lag 300 personar innan 2040. I dag bur det i underkant av 1400 personar i kommunen
- Sjå SSB sine prognosar for alle landets kommunar nedst i saka.
Treng innvandring og flyktningar
Mange utkantkommunar slit mellom anna veldig med å få tak i nok «varme hender» i sjukeheimane. Medan utkantane i stor grad opplever forgubbing, vil ikkje norsk ungdom jobbe i pleie- og omsorgsyrke.
– Innvandringa til landet vårt er for låg i høve behova mange distriktskommunar har. Vi treng både fleire arbeidsinnvandrarar og fleire flyktningar, seier Askvik.
Ordføraren meiner flyktningar kan bli ein viktig ressurs i Distrikts-Noreg.
– Dersom ein organiserer opplæringa på rette måten, viser det seg at mange flyktningar fungerer svært godt i ulike omsorgsyrke. Til dømes Gloppen har svært gode resultat med dette, seier han.
Askvik påpeikar at det sidan andre verdskrig aldri har vore så mange på flukt som i dag.
– Når vi klarer å samkøyre dette med behova vi har for arbeidskraft, så blir det ein vinn vinn-situasjon. Vi må sjå på flyktningane som ein ressurs, ikkje eit problem, seier han.
I nabokommunen til Hyllestad, Høyanger, har Abeba Brahane frå Eritrea jobba ved sjukeheimen i fem år. Også der viser prognosane negativ folketalsutvikling i åra framover.
VIKTIG ARBEIDSKRAFT: Tidlegare i sommar møtte vi på bebuar Evelyn Gunnarskog (82) og pleiar Abeba Brahane frå Eritrea på Høyanger sjukeheim. Gunnarskog fortalde at Brahane gjer ein framifrå jobb på sjukeheimen.
Foto: Bård Siem / NRK– Vi har urovekkande mange i alderen over 55 år som jobbar i innanfor helse og omsorg i kommunen og vil trenge fornying dei neste 10-15 åra. Flyktningar og asylsøkarar har mykje positivt med seg og kan bli ein viktig ressurs. Dei er veldig velkomne her, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).
Hudflettar Sp-forslag
Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Jon Helgheim, slaktar utspelet frå Sp-ordføraren.
– Dette er eit veldig kunnskapslaust forslag. Det er som å pisse i buksa for å halde seg varm. Halvparten av dei som får sosialhjelp i Noreg er innvandrarar som gjer at vi treng meir arbeidskraft for å ta seg av dei, seier han.
MANGE FLYTTAR: Innvandringspolitisk talsmann i Frp, Jon Helgheim, seier at all erfaring tilseier at innvandrarane vil flytte frå bygdene mot dei store byane på sikt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpixHelgheim meiner effekten blir motsett av det Askvik hevdar.
– Problema vil bli større, ikkje betre, av å ta imot fleire innvandrarar, seier han.
– Mange utkantkommunar slit med å få tak i nok «varme hender» til å ta seg av gamle og sjuke. Korleis vil du løyse dette?
– Vi må legge gode strategiar for å få fleire til å utdanne seg i den retninga.
– Men det vil ta fleire år få utdanna fleire omsorgsarbeidarar. Kva skal Askvik gjere som har problem med å få tak i omsorgsarbeidarar i dag?
– Det er veldig få politiske problem ein løyser seg over natta. Løysinga frå Sp-ordføraren vil forsterke problema, seier Helgheim.
- Les også: