Hopp til innhold

Sp-Navarsete: – Koronaviruset syner kor sårbare vi er

BALESTRAND (NRK): Koronaviruset har fått stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) til å uroe seg for mattryggleiken. Klimaministeren ber ho slutte å slå politisk mynt på situasjonen.

Liv Signe Navarsete i debatt

VIL HA SNUOPERASJON: – Vi kjem til å trenge norsk mat, vi må få opp lageret av korn og sikre oss i krisetider, seier Liv Signe Navarsete (Sp). Ho åtvarar mot at færre bønder og mindre landbruksareal kan gjere Noreg meir sårbart.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Navarsete meiner det ikkje er unaturleg å kople utbrotet av korona med klimadebatten i norsk landbruk. For om eit tilsvarande utbrot hadde skjedd på mat, fryktar ho kor godt sjølvforsynte vi eigentleg er.

– Dersom koronaviruset hadde vore eit virus på mat, så vi ikkje kunne impotert meir og verdshandelen hadde stogga. Kva då, om Noreg byggjer ned sjølvforsyninga si?

Navarsete er ikkje på noverande tidspunkt uroa for at koronaviruset kan svekke mattryggleiken, men meiner ein ikkje kan late att auga for at virus og andre sjukdomar også kan råke både plantar og dyr.

– Det kan føre til at land stenger for eksport og ein situasjon der Noreg vert avhengig av eiga sjølvforsyning.

Vil auke sjølvforsyninga

Stortingsrepresentanten er provosert av debatten der miljøforkjemparar oppmodar folk om å ete mindre kjøt. Ho åtvarar mot at færre bønder og mindre landbruksareal kan gjere Noreg meir sårbart om det til dømes dukkar opp virus som påverkar matforsyninga.

– Vi kjem til å trenge norsk mat, vi må få opp lageret av korn og sikre oss i krisetider.

Det reduserte kjøtforbruket som blir skissert i «Klimakur 2030» kan redusere klimagassutslepp med 2,9 millionar tonn. Det kan òg bli 5000 færre årsverk i landbruket, og ein reduksjon på 10 prosent av landbruksarealet i Noreg.

Navarsete meiner også at landbruksnæringa skal kutte i klimautslepp, men hevdar klimakuren har feil fokus.

– I Noreg sit vi med bind for auga og seier vi kan legge ned store delar av norsk landbruk. Det heng ikkje på greip om vi ser det i samanheng med den globale situasjonen vi er ein del av, seier Navarsete.

– Feil premiss

– Dette er ein viktig debatt no, men eg trur ikkje Senterpartiet bør slå politisk mynt på situasjonen med koronaviruset for å fremje eigen landbrukspolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Han meiner premissen i kritikken frå Navarsete er feil.

– Verken regjeringa eller klimakuren legg opp til mindre sjølvforsyningsgrad eller matproduksjon i Noreg, seier Rotevatn.

Han viser til at klimakuren rår til å ete meir i tråd med statlege kosthaldsråd: Litt meir frukt, grønt og fisk, litt mindre raudt kjøt.

– Det handlar om å vri matproduksjonen, seier klimaministeren.

Sveinung Rotevatn

– FEIL PREMISS: – Verken regjeringa eller klimakuren legg opp til mindre sjølvforsyningsgrad eller matproduksjon i Noreg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

Mindre import

Harald Moskvil, landbrukspolitisk talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, seier koronaviruset er ei påminning på kor viktig mattryggleik er.

Det er ikkje dermed sagt at vi skal skrinlegge Klimakur-rapporten.

– Er det mogleg å ta ned kjøtproduksjonen, og samtidig halde oppe matsikkerheita i ein krisesituasjon?

– Det er fullt mogleg, og påkravd. Landbruksproduksjonen er i dag veldig sårbar for internasjonale kriser, fordi vi baserer mykje av kraftfôret vårt på importerte råvarer.