Sp har nesten halvert oppslutnad sidan førre val

Medan Høgre har meir enn dobla oppslutnaden sin i fylket, og er nest største partiet i Sogn og Fjordane, har Senterpartiet nesten halvert oppslutnaden sin sidan førre stortingsval.

Liv Signe Navarsete

IKKJE UROA: Liv Signe Navarsete tek ikkje på veg over Sp sin dalande oppslutnad i Sogn og Fjordane.

Foto: Martin Hammervik / NRK

Ei rykande fersk partimåling, gjort av Respons på oppdrag frå NRK og BT, syner at Sp har gått frå 25,2 prosent oppslutnad ved stortingsvalet i 2009 til spinkle 15,1 prosent no rett før årets val.

Høgre har derimot gått frå 12,1 prosent til 27,4 prosent i Sogn og Fjordane sidan førre val.

Men det uroar partileiar Liv Signe Navarsete lite.

– Dette er ei meiningsmåling, ei av mange. Det kjem også til å komme mange fram til valet, seier Liv Signe Navarsete, som er partileiar i Senterpartiet.

Ventar på 9. september

At partiet har gått frå å vere Sogn og Fjordane sitt nest største parti med 25 prosent oppslutnad, til å hamne på tredjeplass med 15 prosent av innbyggjarane i ryggen, får ho ikkje til å ta på veg.

– For meg er det ei meiningsmåling som står. Den kjem 9. september. Fram til den dagen skal Senterpartiet drive valkamp i kvar krik og krok i Sogn og Fjordane, seier ei kamplysten Navarsete.

Ho åtvarar om kva som vil skje med Sogn og Fjordane dersom Høgre kjem til makta. Navarsete er viss på at særleg helsetilbodet vil bli dårlegare.

– For dei meiner at vi skal kjøpe meir tenester hjå dei private, som stort sett finst i dei store byane, og slikt svekkjer helsetilbodet i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Folk må tenkje gjennom kva konsekvensar Høgre sin politikk får for eit fylke som vårt, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Partibarometer august 2013 Sogn og Fjordane

Parti

Stortingsvalet 2009

4. april 2013

14. august 2013

Raudt

0,9

0,8

0,5

SV

5,8

3,9

4,2

Ap

29,6

27,1

28,0

Sp

25,2

13,9

15,1

Venstre

3,3

6,7

6,4

KrF

6,8

8,6

7,6

Høgre

12,1

29,0

27,4

Frp

15,8

8,6

8,0

Andre

0,4

1,4

2,8*

 

 

 

Gruppa Andre består
denne gangen av MDG med 2,1 %
og De Kristne med 0,7 %

Trur det er politikken som gjer susen

At Høgre sankar stemmer som aldri før i fylket, trur førstekandidat i Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, skuldast politikken deira.

– Det er ekstremt gledeleg at vi klarar å halde så stor del av stemmene til Høgre, så dette blir veldig bra å ta med seg inn i mot slutten av valkampen, seier Lødemel.

Bjørn Lødemel

TRUR PÅ POLITIKKEN: Bjørn Lødemel (H) er viss på at det er god jobbing på alle plan i partiet som har gitt resultat.

Foto: Marte Halsør / NRK

Høgre har hatt ein stabil høg oppslutnad det siste halvåret.
Ved førre stortingsval hadde dei berre ei oppslutnad på 12 prosent i Sogn og Fjordane.

No har dei, ifølgje ei rykande fersk meiningsmåling, gjort av Respons for NRK og BT, heile 27 prosent.

– Det er langt over det vi kunne vente berre for eit år sidan, så det er veldig gledeleg. Men det har også vorte jobba veldig godt i Høgre, både i lokallag, kommunestyra og fylkestinget, så eg føler vi får valuta for godt arbeid gjennom mange år, seier Lødemel.

Halvering for Frp

Han trur det er politikken deira på landbruk, samferdsle og næringspolitikk som er årsaka til den høge oppslutnaden.

– Eg føler vi har eit veldig breitt spekter av saker som vi no verkeleg er klare for å få gjennomført når Høgre kjem i regjering, seier Lødemel.

Dei moglege regjeringspartnarane i KrF og Venstre har også hatt ein liten oppgang sidan stortingsvalet i 2009.
For Framstegspartiet er derimot oppslutnaden halvert.

– Vi jobbar jo med politikk heile tida, og vil sjølvsagt som alle andre politiske parti ha størst mogleg oppslutnad. Så det er veldig gledeleg å få utteljing, seier førstekandidat for Arbeidarpartiet i fylket, Ingrid Heggø.

Hennar parti er, ifølgje målinga, størst i fylket med 28 prosent. Likevel må ho sjå at dei raudgrøne samarbeidspartnarane SV og Sp gjer det langt dårlegare.

Fryktar blå-blått

Ho fryktar kva som vil skje i Sogn og Fjordane dersom dei blå tek over styringa i landet.

– Eg er veldig redd for å få eit blå-blått fylke, spesielt innanfor jordbrukspolitikken vår, som vil bli heilt noko anna enn det dei raudgrøne fører. Og eg er redd for kva som vil skje med sjukehusa våre, og dette med å byggje opp privat i staden for å ha det offentlege, det er ikkje til nytte for Sogn og Fjordane, meiner Heggø.

Ingrid Heggø.

UROA: Ingrid Heggø (Ap) fryktar konsekvensane for fylket dersom fleirtalet etter valet vert blå-blått.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ved å sjå på ei meiningsmåling som vart gjort i april og fram til meiningsmålinga som vart gjort no i august, er det dei raudgrøne som går litt fram i oppslutnad, og ikkje dei blå partia.

Vil ha to "Bjørnar" på tinget

Lødemel i Høgre seier det er naturleg med ein liten nedgang no i valkampen, særleg på grunn av all kritikken som har hagla mot partiet hans dei siste månadane.

– Det har vore eit bombardement mot Høgre frå alle kantar siste året, så det er litt som venta at det kjem ein liten reaksjon på det. Men eg trur vi kjem opp att. Eg trur at folk ønskjer eit skifte og at Sogn og Fjordane Høgre skal vere godt representert på Stortinget, gjerne med to "Bjørnar", seier Lødemel.

Lødemel ønskjer at både han og andrekandidat Bjørn Erik Hollevik skal få plass på Stortinget. Det er likevel lite sannsynleg. For i år er det berre tre mandatplassar, og eitt utjamningsmandag.

Tidlegare var det fire. Så langt ser det ut som Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Høgre får ein kvar. Utjamningsmandatet er framleis usikkert.

Lødemel kjem likevel til å kjempe for to plassar på Stortinget.

– No ønskjer vi to "Bjørnar" på tinget. Vi veit det blir tøft og krevjande, men det er greitt å setje seg hårete mål, seier Lødemel.