Når kanalen kjem på lufta vil han berre nå lyttarar på Austlandet. Det blir lenge til NRK sitt digitale sendenett dekkjer heile landet, slik at alle folkemusikkinteresserte kan få folkemusikkanalen direkte inn på radioen sin. Den nye kanalen får endå dårlegare dekning enn kanalane Alltid Nyheter, Alltid Klassisk og Alltid Stortinget.
- Viktig for folkemusikkmiljøet
Nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti, Gunn Åmdal Mongstad, meiner det er viktig for folkemusikkmiljøet i Sogn og Fjordane å få tilgang på den nye kanalen til NRK.
- NRK skal vera riksdekkande, og alle lisensbetalarar er med og betalar denne nye kanalen, seier Åmdal.
Åmdal Mongstad ønskjer svar frå NRK om kva planar dei har for at alle skal nyte godt av folkemusikkanalen.