Hopp til innhold

Sp-gruppa oppmoda til å røyste mot Vestlandsfylke

Senterpartigruppa på fylkestinget blir råda til å gå i mot avtalen som fylkesordførar Jenny Følling forhandla fram om ein ny vestlandsregion.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

NØGDE: Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Solveig Egge Tengesdal (Rogaland) etter at avtalen om vestlandsregionen var signert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er Stavanger Aftenblad som melder dette fredag ettermiddag.

Fylkesrådsmøtet til Senterpartiet råda torsdag fylkestingsgruppa til å gå mot den intensjonsavtalen som fylkesordførar for Sp Jenny Følling har forhandla fram. Følling seier utfallet av møtet var at intensjonsavtalen skal ut på høyring.

– Eg var på fylkesrådsmøtet for å fortelje om regionreforma, og eg kjem til å vere med når fylkestingsgruppa skal ta stilling til den. Det som vart utfallet av møtet er at intensjonsavtalen som er laga med Hordaland og Rogaland skal leggast ut på ei brei høyring før fylkestingsgruppa tek endeleg stilling til den i desember.

Best åleine

I alt 44 representantar, inkludert fylkesordføraren, deltok på fylkesrådsmøtet. Partiet meiner at Sogn og Fjordane står seg best åleine, men gav likevel grønt lys for å legge saka ut på høyring.

– Senterpartiet og gruppa er samde i at vi må gjere jobben for å sikre interessene til Sogn og Fjordane i tilfelle det blir ein ny vestlandsregion. Det er ikkje dermed sagt at vi ikkje kan ha ei sjølvstendig meining om saka. No er alt på bordet, og der er vårt parti tydeleg, seier gruppeleiar Sigurd Reksnes til Aftenbladet.

Det skapte store bølgjer internt i Senterpartiet, då fylkesordføraren sette signaturen sin på avtalen om eit framtidig vestlandsfylke. Fylkesordføraren fekk også kraftig kritikk frå sine eigne.

– Vi er fleire som tenkjer at Sogn og Fjordane har hatt ei for aktiv rolle i desse forhandlingane, og at fylkesordføraren kunne hatt ei anna tilnærming. No etterlyser eg senterpartihatten hennar, sa ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Med ti av 31 representantar, er ikkje Senterpartiet ubetydelege på fylkestinget. Med støtte frå Arbeidarpartiet sine ni medlemer til dømes, kan Sogn og Fjordane velte visjonen om eitt vestlandsfylke.

– Tek det til etterretning

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (KrF), seier til NRK at ho no ventar på behandlinga til fylkesutvala og fylkestinga i dei tre fylka.

– No er det prosessar i alle partia, og i alle fylkestinga fram mot vidare behandling. Foreløpig tek eg det til etterretning at Senterpartiet har den innstillinga i Sogn og Fjordane.

– Du synest ikkje det er merkeleg når ho har vore med å skrive under på intensjonsavtalen?

– Det er klart at det kan bli krevjande i tida som kjem å ta dette vidare dersom ein i det politiske meiner at ein skal gå vidare, medan eins eige parti ikkje ønsker å gjere det, seier ho.