Hopp til innhold

Sp hardt ut mot ordføraren i Eid

Senterpartiet i Eid ville ikkje støtta Sonja Edvardsen som ordførar om dei visste at ho ville opne for skulenedlegging.

Ordførar Sonja Edvardsen

- Sonja Edvardsen ville ikkje vore ordførar i Eid, om vi hadde visst det vi veit i dag, seier Sigurd Reksnes i Eid Senterparti.

Foto: NRK

Sigurd Reksnes, leiar i Eid Senterparti, stiller seg svært kritisk til at Ap-ordføraren opnar for å leggje ned to skular .

- Vi i Senterpartiet var med og stemde fram Sonja Edvardsen som ordførar i Eid. Hadde vi visst det vi veit no, så hadde nok det sitte veldig langt inne, seier han og går langt i å seie at Edvardsen dermed ikkje ville vore ordførar i dag.

- Folk er forbanna

Kommunen er inne i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon og må spare inn om lag 20 millionar kroner for å få budsjettet i balanse. Mellom innsparingstiltaka som no skal diskuterast er nedlegging av Haugen og Kjølsdalen skular . Ei nedlegging som råkar til saman 130 elevar. Dette på trass av at Ap i fjor lova at dei ikkje skulle røyve skulane, og på trass av at formannskapet i april i år freda skulane .

Haugen skule i Eid kommune.

Nedleggingstruga: Haugen skule.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Folk er forbanna, og eg håpar at dei blir forbanna også. Det er ikkje slik vi skal ha det i Eid kommune. Vi prøver å få til ei positiv utvikling, og då er skulestrukturen fundamentet, seier Reksnes.

Vil kutte lærarstillingar

Sjølv seier partiet nei til både eigedomsskatt og nedlegging av skulane. Partiet har i formannskap gjort kuttframlegg på nær ti millionar kroner.

- Vi har gjort framlegg om store kutt på tre millionar kroner innan teknisk sektor. Innan oppvekst og kultur er det naturleg å sjå på tal lærarstillingar. Saman med dei andre er vi innstilt på å kutte ned omsorgssektoren mest mogleg, seier Reksnes.

Mellombelse kutt

Reksnes meiner at det er betre å kutte i tal lærarstillingar i skulane, enn å legge ned skular. Han trur kutta vil vere mellombelse.

Kjølsdalen skule

Nedleggingstruga: Kjølsdalen skule

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Ja, det trur eg. Dette er ein kneik som vi må over - på lik linje med andre. Det er fleire grunnar til at vi er komne der vi er. Det var eit godt lønnsoppgjer i vår, renta har stige og vi har plassert ein del midlar i obligasjonar og aksjar som vi har tapt på, seier Reksnes og meiner at det vil vere å spare seg til fant om kommunen skal legge ned skular.

- Har ikkje gjort vedtak

Ordførar Sonja Edvardsen seier at Reksnes må få uttale seg som han vil, og presiserer at det er etter eit demokratisk vedtak at politikarane no skal vurdere skulane. Ho vil ikkje kommentere om dette er eit svik mot veljarane etter at partiet under valkampen lova å ikkje legge ned skular.

- Ikkje gjort noko vedtak. Det er under utgreiing. Som ordførar vil eg ikkje forskottere skulenedlegging, seier ho.