Hopp til innhold

Sp godtek redusert fødetilbod

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Senterpartiet kan gå med på redusert fødetilbod i Odda, Lofoten og Lærdal, men har sett foten ned for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid.

Måndag denne veka var det forhandlingar i regjeringa til langt på kveld. Målet var å konkludere i den oppheita lokalsjukehus-debatten.

Men Senterpartiet og Arbeidarpartiet klarte ikkje å bli einige. Striden står først og fremst om Sogn og Fjordane.

I uvisse

Sidan i fjor haust har rundt ti fødetilbod levd i uvisse om framtida. Årsaka er at helseregionane har foreslått nedleggingar på grunn av endra kvalitetskrav til fødselsomsorga.

Men ingen fødetilbod kan leggast ned utan at Regjeringa har godkjend det. Regjeringa er no inne i sluttspurten, og er snart klare til å fortelje kva fødetilbod som overlever og kva for nokre sjukehus som må avvikle fødetilbodet.

Men kompromisset let vente på seg. Dermed går Sp inn i landsmøtehelga utan at kjernesaka er avklart.

- Det er alltid godt med avklarte saker, men vi lever godt med den situasjonen vi har, seier Sp-leiar Liv Signe Navarsete til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

VIL IKKJE TIDFESTE: Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete vil ikkje gje noko dato for kor tid det vert teke avgjerd i sakene som gjeld fødetilboda i distrikta.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordfjord-nøtta

Fleire kjelder som er knytt til regjeringsapparatet, seier til NRK at fødetilbodet i Sogn og Fjordane er den store nøtta og eit stadig tilbakevendande tema.

Helse Vest er nemlig den regionen som har vore tydelegast med sine nedleggingsforslag.

Helseregionen vil legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødestova i Liv Signe Navarsetes heimbygd Lærdal.

Regjeringa hadde som mål å bli ferdig til Helse Vest sitt styremøte tysdag denne veka. Det skjedde ikkje. Avstanden mellom regjeringspartia var for stor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærdal sjukehus

VEDTEKE: Helse Vest har allereie gått inn for å leggje ned fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.

Foto: NRK

Aksepterer redusert tilbod

Etter det NRK har grunn til å tru har Senterpartiet gått med på å fjerne gynekologberedskapen og dermed redusere tilbodet ved dei forsterka fødestovene i Odda, Lofoten og Lærdal.

Men partiet har sett ned foten i Nordfjord, og nektar å akseptere nedlegging av fødeavdelinga på sjukehuset på Nordfjordeid.

SV støttar i hovudsak Sp, men har ikkje ei pådrivarrolle i regjering.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odda sjukehus

TRUGA: Fødetilbodet ved Odda sjukehus er truga av nedlegging.

Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

Kan få hjelp i nord

I nord kan regjeringa i praksis få krisehjelp av helseregionen. I februar freda Helse Nord dei utsette fødestovene i Brønnøysund og Mosjøen.

Neste veke skal Helse Nords styre også diskutere Narvik. Eit mogleg utfall er at helseregionen går bort frå forslaget om å redusere tilbodet ved fødeavdelinga der.

Frå Helse Sør-Øst er det ikkje meldt inn store strukturendringar. I Midt-Noreg er Orkdal og Namsos truga, men ikkje like umiddelbart som dei utsette tilboda i vest.

Det står om Sogn og Fjordane

Den vanskelege striden mellom Molde og Kristiansund er utsett av helseministeren. Dermed står Navarsetes heimfylke Sogn og Fjordane igjen som det sentrale temaet i diskusjonen.

- Eg gir ingen datoar, men det er ikkje lenge til Regjeringa kjem til å konkludere i desse sakene, seier Navarsete.

Ifølgje Navarsete kjem det no ingen nedleggingskonklusjonar før Stortinget har behandla nasjonal helse- og omsorgsplan. Dette skjer rundt påske.