– Eg håpar KrF konkluderer med at eit samarbeid med oss vil tene dei godt. Vi har veldig mykje til felles, seier Sp-gruppeleiar i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes, til avisa Vårt Land.
Dette er konklusjonen etter at Vårt Land har spurt 13 av Senterpartiet sine 18 fylkesleiarar om kva som er viktigast for partiet – å søkje regjeringsmakt med Ap og KrF dersom moglegheita byr seg, eller å dyrke opposisjonsrolla fram mot kommunevalet neste år.
Ingen av dei spurde fylkesleiarane svarer at dei føretrekker å dyrke rolla i opposisjon. Seks seier dei ønskjer å gå i regjering med Ap og KrF, medan fem er positive, dersom dei får store gjennomslag. To av fylkesleiarane ønskjer ikkje å svare no.
– Fem år med blå politikk har gjort mykje skade. Tre år til med reint fleirtal vil gjere at mange endringar blir umoglege å snu. Det er betre at vi styrer, seier Vidar Nedrebø i Rogaland til avisa.
KrF er pressa både innanfrå partiet og utanfrå. Partiet går mot eit vegskilje, og kampen står mellom å gå mot venstre – Ap og Sp – eller halde seg til Solberg-regjeringa. Landsmøtet 2. november skal bestemme om partiet vil gå for regjeringsmakt, og eventuelt kven dei skal forsøke å samarbeide med.
Dersom dei går mot statsminister Erna Solberg si regjering, kan det vise seg at KrF-delegatane frå Vestlandet blir dei avgjerande røystene.