Sp får ordføraren i Etne

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim frå Senterpartiet blir truleg ny ordførar i Etne. Det er klart etter forhandlingar tysdag kveld. – Eg har støtta til ordførarposisjonen frå alle parti. Me forhandlar vidare om andre verv, uttalar Ekrheim til NRK. Sp gjekk fram med eitt mandat i valet og har sju av 17 mandat i kommunestyret.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Foto: Kari Aakra / Senterpartiet