Hopp til innhold

Sotugla er truleg ei kattugle

Ugla som ramla ned i peisen på hytta til Stig Oldeide var nok inga sotugle, men derimot ei kattugle. Det meiner i alle fall lesarane.

Ugle på hytta

KATTUGLE, IKKJE SOTHØNE: Ugle i peisen er slett ikkje vanleg. Men denne fann vegen ned pipa til Stig Oldeide.

Foto: Stig Oldeide

Torsdag kveld kunne vi fortelje historia om korleis nordfjordingen Stig Oldeide nett skulle innom hytta for å lese av straumen. Der høyrde han det skramla i pipa, og brått kikka ei ugle ut frå peisen.

– Eg fekk til slutt hjelp av han som er dagleg leiar på skisenteret her i nærleiken. Vi kasta ei gamal boblejakke over ugla og fekk baksa den ut. Den var i fin form, men temmeleg nedsota, fortalde ein lattermild Oldeide til NRK.

– Er nok ei kattugle

Vi oppmoda lesarane av nettsidene våre om å finne ut kva slags ugle dette kunne vere, og svara lot ikkje vente på seg.

– Det er nok ei kattugle (Strix aluco på latin), og den er vanleg på Vestlandet. Dersom det dukkar opp fleire eksemplar, må ein sjekke om det kan vere ein ny art som burde få namnet sotugle, fortel spøkefugl og forskar på Bioforsk på Tingvoll på Sunnmøre, Steffen Adler.

– Er uheldige

Svein Hjelmeset er ivrig fuglefotograf, og også han er overtydd om at det var ei kattugle som fann vegen ned pipa i Hjelmelandsdalen.

– Vanskeleg å sjå heilt kva ugle det er pga den mørke sotfargen, men for meg ser det ut for å vere ei kattugle. Det er helst dei som er uheldige og ramlar ned i skorsteinspiper og, skriv Hjelmeset.

Premie til fleire

Vi har trekt ut fleire lesarar som tipsa oss om kva slags ugle dette kunne vere. Dei får kvar si lille overrasking i posten:

  • Anne C.F. Eide, Kyrkjebø
  • Svein Hjelmeset, Gloppen
  • Anders Lorentzen, Leirvik