Hopp til innhold

Sotra-brannen: Bekymra for vindauke

25 brannfolk i ulike sektorar overvakar og dynker brannområdet på Sotra torsdag kveld og natt til fredag. Det ulmar og glør eit godt stykke ned i jorda. Difor har ikkje nedbøren som har kome vore tilstrekkeleg. Vinden er også i ferd med å ta seg opp, noko som bekymrar brannvesenet. – Me er ikkje så glade i den vinden, og håpar på litt hjelp ovanfrå i form av regn, seier vakthavande brannsjef i Øygarden brannvesen Ove Stusdal.

Brannen ulmer i terrenget på Kårtveit på Sotra
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK